Den Weis-Rosenkroneske Stiftelse vart oppretta i 1927, då den siste eigaren av Baroniet Rosendal ikkje hadde nære arvingar etter seg. 1600tals slottet med tilhøyrande eigedomar vart samla gitt i gåve til Universitetet i Oslo.
Av Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen og forsker ved Baroniet Rosendal
Meir omfattande dokumentasjon av Baroniet Rosendal / Den Weis-Rosenkroneske Stiftelse vil på sikt verta lagt ut her.
Museet Baroniet Rosendal og Statsarkivet i Bergen har samarbeidd om å digitalisera deler av Rosendalsarkivet og materiale frå andre arkiv som gjeld eigedom eller personar knytt til Rosendal. Over 60 protokollar, lister, brev, dikt, teikningar og likande er avfotografert og lagt ut i det digitale Rosendalsarkivet.