Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Hjem Kulturprogram Historisk seminar – Kvinnene på Rosendal

Historisk seminar – Kvinnene på Rosendal

Bli med på ei spennande reise gjennom historia laurdag 14. juni, når Baroniet Rosendal inviterer til ein innhaldsrik dag med temaet Kvinnene på Rosendal. Her får du høyra om sterke kvinner som har sett sitt preg på historia, fortalt av leiande ekspertar på feltet.

350 Laurdag 14.juni kl 12:30 - 16 Inkludert lunsj Kjøp billett

Bli med på ei spennande reise gjennom historia laurdag 14. juni, når Baroniet Rosendal inviterer til ein innhaldsrik dag med temaet Kvinnene på Rosendal. Her får du høyra om sterke kvinner som har sett sitt preg på historia, fortalt av leiande ekspertar på feltet.

Professor ved Universitetet i Oslo, Jørn Øyrehagen Sunde, vil ta oss med tilbake til 1680-talet og fortelja historia om Catharina Justina Rosenkrantz, som stod bak eit spektakulært giftmordforsøk på kongens slott i København. Foredraget Livsfarleg sjalusi gir eit fascinerande innblikk i drama og maktkamp ved hoffet.

Professor i middelalderhistorie ved NTNU, Randi Bjørshol Wærdahl, vil dykke ned i livet til den eventyrlege Magrethe Olavsdatter til Hatteberg på 1500-talet. Ho tilhøyrde den aristokratiske tradisjonen som eksisterte før Baroniet Rosendal vart oppretta. I foredraget En kvinne av sin tid. Jomfru Magdalena Olavsdotter til Hatteberg får vi høyra om korleis kvinner levde og virka i denne perioden.

Ph.d. Pernille Ulla Knudsen, studielektor ved Det juridiske fakultetet ved Københavns Universitet, vil presentere den dramatiske og tragiske historia om Rigborg Brockenhuus og Fredrik Rosenkrantz. Deira skjebne er tett knytt til byrjinga på Rosenkrantz-familien si tilknyting til Rosendal. Foredraget Tiden læger alle sår og følgene af en højadelig affære i 1600-tallet gir eit innblikk i kjærleik, tap og konsekvensar i adelen si verd.

Dette blir ein unik sjanse til å læra meir om kvinner som forma historia og fekk varige spor i Rosendal si historie.

Slik gjer du:

 

For Riddersalen:

  • Velg billettype
  • Velg om du vil sitte på galleriet eller parketten
  • Klikk på dei sitteplassane du ønsker, og spesifiser kva type billett dei er.
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark.

 

For Borggården:

  • Velg billettype og antal
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark.

 

Dersom arrangementet er utselt kan du senda oss ein epost til info@baroniet.no og melda deg på venteliste. Ventelistene vert gått gjennom før evt. restbillettar vert lagt ut for sal. Selde billettar vert ikkje refunderte.