Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Hjem Kulturprogram Hageseminar – Nyttehagetradisjon i Rosendal Have

Hageseminar – Nyttehagetradisjon i Rosendal Have

Baroniet Rosendal har gleda av å invitera til eit spanande hageseminar våren 2025, der vi dykker ned i 350 år med nyttehagetradisjon i Rosendals Have. Professor Annegreth Dietze, Baroniet sin forskar og professor i hagekunsthistorie ved NMBU, vil leie dagen og gje eit unikt innblikk i hagens utvikling.

Laurdag 24.mai kl 10:00 Inkl lunsj Kjøp billett

Hageseminar ved Baroniet Rosendal – Laurdag 24.mai

Baroniet Rosendal har gleda av å invitera til eit spanande hageseminar våren 2025, der vi dykkar ned i 350 år med nyttehagetradisjon i Rosendals Have. Professor Annegreth Dietze, Baroniet sin forskar og professor i hagekunsthistorie ved NMBU, vil leie dagen og gje eit unikt innblikk i hagens utvikling.

Program for dagen:

10.00-11.00  Hagevandring. Oppmøte ved Portboden

11.15-12.15 Frå nyttehage til rosehage – Rosendal Haves historiske utvikling
Ved Annegreth Dietze, professor i hagekunsthistorie ved NMBU og forskar ved Baroniet Rosendal

11.45-12.45  Lunsj

13.00-14.00 Frå renessansetidas hagebruk til dagens plantebevaring
Noregs første hagebok, Horticultura, vart skriven av Christian Gartner i Trondheim og utgjeven i 1694. Her vart mange nyttevekster anbefalt dyrka, og foredraget ser nærmare på historia og bruken av eit utval av desse.
Kva verdi kan ein museumshage ha for bevaring av historiske genressursar og for bruken av desse plantene i dag?
Ved Vibekke Vange, dagleg leiar i NTNU Ringve botaniske hage, som har stor erfaring med bevaring av historisk plantemateriale. Ho arbeider aktivt med ei samling i Trondheim og fekk Plantearveprisen i 2021.

14.00-14.30  Pause

14.30-15.30 Mangfald i kjøkenhagen – frå 1700-talet til i dag
Frå 1700-talet har vi kjelder som fortel om kva som vart dyrka av bær, grønsaker og krydderurter i norske hagar. Korleis vart dei nytta den gongen, og korleis blir dei nytta i dag? Kvar kan ein finne frø av dei gamle sortane?
Dette vil Mari Marstein prøva å svara på. Ho er tidlegare konservator ved MiA – Museene i Akershus og pådrivar i nettverket KVANN – Kunnskap om og Vern av Nytteplanter i Noreg. Ho fekk Plantearveprisen i 2013.

15.30-15.45  Pause

15.45-16.30  Ein avsluttande tur i hagen

Slik gjer du:

 

For Riddersalen:

  • Velg billettype
  • Velg om du vil sitte på galleriet eller parketten
  • Klikk på dei sitteplassane du ønsker, og spesifiser kva type billett dei er.
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark.

 

For Borggården:

  • Velg billettype og antal
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Billett vert tilsendt på tekstmelding og epost. Vis denne i døra ved inngong. Har du ikkje mobil, kan du printe billetten ut på eit ark.

 

Dersom arrangementet er utselt kan du senda oss ein epost til info@baroniet.no og melda deg på venteliste. Ventelistene vert gått gjennom før evt. restbillettar vert lagt ut for sal. Selde billettar vert ikkje refunderte.