Rosendal Kammermusikkfestival 2025

Foto: Liv Øvland

Om Rosendal Kammermusikkfestival

«Ein festival som er intim og rikhaldig, idyllisk og djup»

Bayerische Rundfunk

Rosendal Kammermusikkfestival vart grunnlagt i 2016 av pianist og kunstnarisk leiar Leif Ove Andsnes. Kvar sommar inviterer han musikarar og føredragshaldarar til ei musikalsk langhelg i Rosendal. Baroniet Rosendal ligg vakkert til mellom fjell, fossar og fjord, og skapar perfekte omgjevnader for ein intenst kammermusikkoppleving som trekk publikum frå alle verdsdelar.

Les intervju med Leif Ove Andsnes om Kontraster 2024 her

Foto: Liv Øvland

Med inntil ti konsertar utforskar kvar festival eit eige tema, ein komponist eller ein periode. Føredrag og samtalar gir i tillegg innsikt i periodens musikk- og kunstliv.

«Ei av gledene ved å skape eit festivalprogram, er at eg kan gå i djupna på ein utvalt del av ein komponist sitt liv og musikk», seier Leif Ove Andsnes. «I 2016, til den første Rosendal Kammermusikkfestival, sette vi søkelyset på 1828 – Franz Schuberts dødsår. Same år skreiv komponisten nokon av sine mest gripande verk».

«Til den andre festivalen satt eg saman eit program som kretsa rundt ein av mine andre store lidenskapar – Wolfgang Amadeus Mozart sin kammermusikk. Til tross for all den vidunderlege kammermusikken Mozart skreiv, vert berre nokon få stykker jevnleg framført på festivalar. Difor ville eg gjere 2017 til ein intens Mozart-feiring, for å vise det ekstraordinære mangfaldet i musikken hans».

Dei neste åra har vi løfta fram så ulike tema som den gripande musikkarva komponert «I skyggen av en krig 1914-1918» (2018), «Sjostakovitsj’ liv og tid» (2019), den nasjonale identiteten i musikken til Dvořák og hans samtidige i «Fra mitt hjemland» (2021) og Ludvig van Beethovens ufattelege indre verden (2022).

Foto: Liv Øvland

 

Desverre måtte festivalen i 2020 avlysast på grunn av pandemien, og sjølv om vi klarte å filme ein konsert utan publikum det året, måtte feiringa vår av 250-årsjubileet for fødselen til Ludvig van Beethoven utsetjast til 2022. Deretter følgde eit djupgåande fokus på livet og tida til Johannes Brahms (2023)

Det mest ambisiøse av alle programma til Leif Ove Andsnes kom i 2024 med kontrastar – ei utforsking av den ungarske musikkverda, inkludert verk av Liszt, Bartók, Kodály og Kurtág. I direkte kontrast, og óg sentralt for festivalen, stod musikken til J.S. Bach med to framføringar av Johannespasjonen, med Det Norske Solistkor og eit orkester sett saman av internasjonalt anerkjende barokkmusikarar, leia av Grete Pedersen.

Foto: Liv Øvland

«Ideen om ein intimfestival som strekker seg over fleire dagar vaks fram som følge av min kjærlighet til Baroniet Rosendal», seier Leif Ove Andsnes, som har vore fast gjest på Baroniet og opptredd der i 30 år. «Dette er ein heilt spesiell stad, og musikk har vore ein del av det kulturelle livet på Baroniet i generasjonar. Det er utruleg at kunstnarar og musikarar har kome hit i over tre hundre år, og blant dei antakeleg våre bergenske musikklegender Edvard Grieg og Ole Bull.»

I dag inviterer Leif Ove Andsnes musikarvener frå heile verda, som alle tar turen innover fjorden til Rosendal for å opptre saman. Blant dei internasjonale kunstnarane som har opptredd på festivalen, er pianistane Kristian Bezuidenhout, Bertrand Chamyou, Kirill Gerstein, Marc-André Hamelin, Vikingur Ólafsson og Francesco Piemontesi, i tillegg til Vilde Frang, Alina Ibragimova og Christian Tetzlaff (fiolin), Tabea Zimmermann og Antoine Tamestilt (bratsj), Sol Gabetta, Clemens Hagen, Steven Isserliss og Christian Poltéra (cello), Sharon Kam og Martin Fröst (klarinett), Anna Prohaska og Dorothea Röschmann (sopran), Anne Sofie von Otter (Mezzo-sopran, Andrei Bondarenko og Matthias Goerne (Baryton).

Foto: Liv Øvland

Baroniet Rosendal

Historia til Rosendal går tilbake til 1650-talet, då adelsmannen Ludvig Rosenkrantz kom til Bergen som krigskommissær for kong Fredrik III av Danmark-Noreg. I Bergen møtte han Karen Mowat, einearving til landets største formue på den tida. Dei gifta seg i 1658 og fekk adelssetet Hatteberg i bryllaupsgåve. Her bygde dei seg ein heim, og kalla det Rosendal. Det vesle steinslottet stod ferdig i 1665, omgitt av ein vakker renessansehage. Slottet var administrasjonssenter for godset, som omfatta 500 gardar. I 1678 ga kong Kristian V av Danmark-Noreg godset status som Norges einaste baroni. Eigedomen var i privat eige fram til 1927, då den siste eigaren donerte det til Universitetet i Oslo. I dag er Baroniet Rosendal museum, og gir verdifull innsikt i ein viktig periode i norsk historie.

Foto: Liv Øvland

Konsertsalene

Nokon konsertar finn stad i salane på Rosendal Slott, men den viktigaste konsertsalen under Rosendal Kammermusikkfestival er Riddersalen, ein ombygd låve med plass til eit publikum på meir enn 400. Det vert og heldt konsertar i Kvinnherad kyrkje. Den kvitkalka steinkyrkja frå 1250 ligg vakkert til på ein høgde med utsikt til fjorden.

«Ein rikhaldig og verdifull kammermusikkfestival, takket vere nivået på utøverane og djupna i dei tematiske programma.»
La Repubblica

«Den fire dagar lange opplevinga av denne musikkfestivalen er ubeskriveleg. Med det vidunderlege landskapet som bakteppet forsterkast opplevinga av djup konsentrasjon rundt festivalens tema, og av det høge nivået på framføringane.»

 Asia Music Weekly


Tidligere Rosendal Kammermusikkfestivaler

Om

KONTRASTAR

I 2024 presenterte Andsnes sitt mest ambisiøse program så langt, og ønska meir enn 60 artistar velkommen til ein «liten, men stor, festival i vill norsk natur» (El Pais). Tittel og tema for 2024-utgåva av festivalen er henta frå Bela Bartóks Kontrastar. Det var utgangspunktet for ei fem dagar lang utforsking av ungarsk musikk, med verk av mellom andre Liszt, Kodaly og Kúrtag. Ein direkte kontrast er musikken til Johann Sebastian Bach, som òg var sentral i festivalen. Under leiing av Grete Pedersen var det to framføringar av Johannespasjonen ved Det Norske Solistkor og eit barokkorkester sett saman for anledninga, og fleire konsertprogram utforska verdslege verk og kammermusikk av Bach. Andre artistar som var på festivalen var Zlata Chochieva og Nikita Khnykin (piano), Masato Suzuki (cembalo), Vilde Frang og Florian Donderer (fiolin), Antoine Tamestit (bratsj), Tanja Teztlaff (cello), Christian Henriksen (kontrabass), Quatour Agate (strykekvartett), Aleksander Aga Røynstrand (hardingfele), Wenzel Fuchs (klarinett), Ragnhild Lothe (horn), Benedikt Kristjánsson(tenor) og Ruth Wilhelmine Meyer (vokalkunstnar og komponist).

Dette seier Leif Ove Andsnes om 2024-programmet: «Ideen til KONTRASTAR vaks ut av festivalen sist sommar. Då markerte vi at det var 100 år sidan Ligeti blei fødd, og vi feira Brahms, som har så mange ungarske drag i musikken sin. Det kjennest naturleg å fortsetja utforskinga i år, ikkje minst fordi ungarsk musikkhistorie er så uvanleg mektig. Få andre land har fostra eit like breitt spekter av musikalske personlegdommar som alle på spektakulært vis har integrert forteljinga om heimlandet i verka sine. Dette er særleg slåande når vi veit kor store utfordringar mange av desse komponistane møtte på som ein konsekvens av det politiske spelet i tida dei levde i. Liva og samtida deira er reflektert i musikken – både i virtuositeten og i det ekstremt uttrykksfulle.»

«Som ein absolutt kontrast til det ungarske vil me æra Johann Sebastian Bach. Eg har lenge hatt lyst til å invitera Det Norske Solistkor til Rosendal, og i år har me det perfekte høvet til å feira at det er 300 år sidan Johannespasjonen blei framført første gong, eit meisterverk like mektig dramatisk og rørande i dag som i 1724. Når vi tar Johannespasjonen til Rosendal, så langt unna den politiske verdsscena, med slottet bygd like før Bach blei fødd, får me ro og rom til å lytta og reflektera, i sympati med menneske som lir i krig og konflikt.»

 

Les meir

Samarbeidspartnar

Rosendal Kammermusikkfestival vil takke Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen for betydeleg økonomisk støtte, som gjer det mogleg å realisere festivalen sine ambisiøse kunstnariske mål.