Mellom fjord, fjell og fonn ligg Baroniet Rosendal, det vesle 1600-talsslottet som har lokka reisande til å ta turen over Hardangerfjorden i meir enn 300 år. Baroniet er i dag ramma rundt Rosendal Kammermusikkfestival, grunnlagt av pianist og kunstnarleg leiar Leif Ove Andsnes i 2016. I år presenterer Andsnes sitt mest ambisiøse program så langt, og kan ønska meir enn 60 artistar velkommen til ein «liten, men stor, festival i vill norsk natur» (El Pais).
Les intervju med Leif Ove Andsnes om Kontraster 2024 her
Les Gunnar Danbolt si orientering om årets kunstutstillingar her
Tittel og tema for 2024-utgåva av festivalen er henta frå Bela Bartóks Kontrastar. Det er utgangspunktet for ei fem dagar lang utforsking av ungarsk musikk, med verk av mellom andre Liszt, Kodaly og Kúrtag. Ein direkte kontrast er musikken til Johann Sebastian Bach, som òg er sentral i festivalen. Under leiing av Grete Pedersen blir det to framføringar av Johannespasjonen ved Det Norske Solistkor og eit barokkorkester sett saman for anledninga, og fleire konsertprogram utforskar verdslege verk og kammermusikk av Bach.
Andre artistar som kjem til festivalen er Zlata Chochieva og Nikita Khnykin (piano), Masato Suzuki (cembalo), Vilde Frang og Florian Donderer (fiolin), Antoine Tamestit (bratsj), Tanja Teztlaff (cello), Christian Henriksen (kontrabass), Quatour Agate (strykekvartett), Aleksander Aga Røynstrand (hardingfele), Wenzel Fuchs (klarinett), Ragnhild Lothe (horn), Benedikt Kristjánsson (tenor) og Ruth Wilhelmine Meyer (vokalkunstnar og komponist).
Dette seier Leif Ove Andsnes om 2024-programmet: «Ideen til KONTRASTAR vaks ut av festivalen sist sommar. Då markerte me at det var 100 år sidan Ligeti blei fødd, og me feira Brahms, som har så mange ungarske drag i musikken sin. Det kjennest naturleg å fortsetja utforskinga i år, ikkje minst fordi ungarsk musikkhistorie er så uvanleg mektig. Få andre land har fostra eit like breitt spekter av musikalske personlegdommar som alle på spektakulært vis har integrert forteljinga om heimlandet i verka sine. Dette er særleg slåande når me veit kor store utfordringar mange av desse komponistane møtte på som ein konsekvens av det politiske spelet i tida dei levde i. Liva og samtida deira er reflektert i musikken – både i virtuositeten og i det ekstremt uttrykksfulle.»
«Som ein absolutt kontrast til det ungarske vil me æra Johann Sebastian Bach. Eg har lenge hatt lyst til å invitera Det Norske Solistkor til Rosendal, og i år har me det perfekte høvet til å feira at det er 300 år sidan Johannespasjonen blei framført første gong, eit meisterverk like mektig dramatisk og rørande i dag som i 1724. Når me tar Johannespasjonen til Rosendal, så langt unna den politiske verdsscena, med slottet bygd like før Bach blei fødd, får me ro og rom til å lytta og reflektera, i sympati med menneske som lir i krig og konflikt.»
Rosendal Kammermusikkfestival vil takke Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen for betydelig økonomisk støtte, som gjør det mulig å realisere festivalens ambisiøse kunstneriske mål.
Les meir; Takk til alle som bidreg til å gjennomføra Rosendal Kammermusikkfestival
“Ten concerts in four days in a spot of breathtaking natural beauty … This, in a nutshell, is the Rosendal Chamber Music Festival“
Matthew Gurewitsch / Classical Voice North America
"Nivået på musikerne og den kløktige utformingen av konsertprogrammene gjør denne festivalen enestående …"
Eystein Sandvik / NRK Radio
A chamber music festival rich and precious for the quality of the performers and for the depth of the themed programmes.”
Leonetta Bentivoglio / La Repubblica
“Det er lenge siden jeg har sett fram til en festival så mye som Rosendal Kammermusikkfestival.“
Magnus Andersson / Klassekampen
“This is a Utopian place for Utopian musicians.”
David Nice / The Arts Desk
“Rosendalfestivalen solgte ut alle billetene på et par dager i vinter. Oppskriften er enkel: Kammermusikalsk kjernestoff, uten sviskeappell og med et modig innslag av samtidsmusikk.”
Lars O.Flydal / Vårt Land
“The four day experience of this music festival is indescribable. With the backdrop of such wonderful scenery, the festival is somehow augmented by a deeper concentration of the theme and the high level of performance.”
Rudolf Tang / Asia Music Weekly
“Intelligent formidling og enestående musikere får den klassiske musikken til å skinne i Rosendal.“
Emil Bernhardt / Morgenbladet
"A festival that is intimate and rich in personality, idyllic and profound."
Kathrin Hasselbeck / Bayerische Rundfunk / Germany
“Mozart in paradise … Leif Ove Andsnes and a group of extraordinary musicians immersed themselves in the genius of the composer in a small but big festival in the wilds of Norway.”
Luis Gago / El Pais
“Rosendal simply must be experienced.”
Ursula Magnes / Radio Klassik / Austria
“In addition to the intelligence of its programming and the very high level of its performers, the festival benefits from what is often lacking in more upscale venues: authenticity and a truly magical atmosphere.”
Bertrand Boissard / Diapason Magazine
“Med Rosendal Kammermusikfestival har Leif Ove Andsnes satt en standard som allerede i åpningsåret har gjort den til en av landets viktigste i sitt slag. Alle skyhøye forventninger ble i høyeste grad innfridd.”
Mona Levin / Klassisk Musikk
Rosendal Kammermusikkfestival vil takke Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen for betydelig økonomisk støtte, som gjør det mulig å realisere festivalens ambisiøse kunstneriske mål.