Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Hjem Ledige stillingar

Ledige stillingar

Baroniet Rosendal – slottet fra 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Baroniet Rosendal er eit unikt nasjonalt kulturminne som ligg i naturskjønne  Rosendal i Kvinnherad kommune. Baroniet Rosendal består av slott og 19 andre freda bygningar, konsertsal, overnattingsverksemd og kafédrift, 350 mål freda hage- og jordbrukslandskap, sauehold og 12.000 mål skog og utmark.

I tillegg til kulturminneforvaltning og museumsverksemd driv Baroniet Rosendal utstrekt kulturformidling og samarbeider med nokon av Noregs mest anerkjente artistar, musikarar, kunstnarar og kulturpersonar. Baroniet har 15 faste tilsette, ca. 60 sesongarbeidarar og omset for 35 millionar kroner per år og har rundt 60.000 besøkande årleg.

Ansvarleg hotell og besøkssenter (100 % fast stilling)

Spanande og allsidig stilling i nydelege Rosendal

Arbeidsoppgåver

  • Leiar for overnatting ved Baroniet Rosendal
  • Leiar for Besøkssenteret og resepsjon
  • Koordineringsansvar for sesongarbeidarar og vertskapsfunksjonane
  • Arbeide i tett samarbeid med leiar for kjøken og serveringstadene ved Baroniet
  • Produkt og konseptutvikling salgsstadane
  • Ved rett kompetanse bistå med formidling og undervisningsopplegg
  • Bistå i andre prosjekt og arbeidsområder ved Baroniet
  • Anna forefallande arbeid. Stillinga er under utvikling og kan endra seg noko

 

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant utdanning frå hotell, reiseliv eller tilsvarande. Engasjement og personlege eigenskapar kan kompensera for relevant utdanning.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • Stor arbeidskapasitet, fleksibilitet og godt humør.
  • Gode IT-kunnskapar og interesse for bruk av IKT baserte system og infrastruktur
  • Evne til å planleggje og tilretteleggje både eigen og andre sin arbeidskvardag.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar.
  • Serviceinnstilt, løysingsorientert, «eit blikk» og kvalitetsmedviten.

Vi ynskjer oss ein positiv og engasjert medarbeidar som har unikt ynskje at Baroniet Rosendal skal lukkast inn i framtida. Du må ha eit godt overblikk i det daglege arbeidet og kan handtera mange ulike oppgåver samstundes.
Stillinga krev stor grad av fleksibilitet med omsyn til arbeidsoppgåver.

Baroniet Rosendal er førebels kun ope for publikum frå mai – oktober. Det er i denne perioden viktig at ein kan vera så mykje som mogleg tilgjengeleg.

Baroniet Rosendal, Avlsgård & Fruehus

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med unike faglege utfordringar.
  • Regulerte arbeidsforhold og god pensjonsordning.
  • Medlemskap i KLP og gode forsikringsordningar.
  • Løn etter avtale.
  • Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø i ei spennande bransje.
  • Fleksitidsordning og stor grad av fridom.

 

Søknadsfrist: 16. februar

til anna.lena.flatland@baroniet.no

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med direktør Anna Lena Flatland, 93802586

 

Baronivert ( 100% stilling frå 1.april – 1.september)

Vi er på jakt etter deg som kan bistå Baroni Rosendal i høgsesongen 1. april – 1. september. Den vi jaktar vil få ei viktig rolle som vertskap knytt til hotelldrift, besøkssenter, kafeane, konsertproduksjon etc.

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Stor arbeidskapasitet, stor grad av fleksibilitet og godt humør.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Gode IT-kunnskapar og interesse for bruk av IKT baserte system og infrastruktur
  • Evne til å planleggje og tilretteleggje både eigen og andre sin arbeidskvardag.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar.
  • Serviceinnstilt, løysingsorientert, «eit blikk» og kvalitetsmedviten.

 

Vi tilbyr:

  • Arbeidserfaring i eit nasjonalt kulturikon
  • Stor fridom og sjølvstende i stillinga
  • Ein morosam og variert arbeidsdag
  • Lønna arbeid i den finaste tida på vestlandet

 

Spørsmål om stillingane

Søknadsfrist 16.02.25  med tilsetjing så snart som mogleg, etter nærare avtale.
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt Anna Lena Flatland, direktør. anna.lena.flatland@baroniet.no. Tlf. 93802586. www.baroniet.no

Baroniet Rosendal, Avlsgård & Fruehus

 

 

Søknadsfrist: 16. februar

til anna.lena.flatland@baroniet.no

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med direktør Anna Lena Flatland, 93802586