Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Hjem Fjordcruise

Fjordcruise

Fjordcruisepakke frå Bergen og Os alle dagar som Baroniet Rosendal er ope. Her får du gode grupperabattar på både båtturen t/r, entré med omvising og 2-rettars lunsj i Rosendal Havecafé.

Hardangerfjordekspressen & Baroniet Rosendal


Opplev den flotte turen sjøvegen frå Bergen / Os til Rosendal med fjord, fjell og fossefall!

 

Taxi: I Rosendal er det ein 1,5 km spasertur opp til Slottet (ingen guide her). Dersom du ynskjer taxi kan du venda deg til mannskapet på båten eller ringja 917 81 000 til Rosendal Taxi.

Overnatting 
Billetten har open retur i 14 dagar. Turen kan enkelt utvidast med overnatting i Rosendal! Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus har rom med frukost i romantiske omgjevnader. Ta kontakt på info@baroniet.no for booking, eller ring oss på 53 48 29 99. Rutetabell for båten finn du her.

 

  • Fjordcruise t/r Bergen – Rosendal med 3 1/2 times stopp i Rosendal.
  • Omvising på 1600- tals slottet
  • 2-rettars lunsj inkl. kaffi/te før omvisinga i Rosendal Havecafé (inkludert i pakken!)
  • Vandring på eiga hand i Rosendal Have
  • Vandring på eiga hand i Steinparken i Rosendal – ein smakebit av Folgefonna Nasjonalpark

Kun forhåndssalg her og på turistinformasjonen i Bergen. Pakken kan ikkje kjøpast direkte på båten eller i Rosendal.

Ekstra service til fjordcruisegjester: unngå kø!

Fjordcruisegjester har prioritert inngang på omvising og reservert bord med rask, køfri matbestilling til lunsj følgjande tider:

  • Mandag – fredag lunsj kl. 12.00 og omvisning kl. 13.00
  • Lørdag og søndag: lunsj kl. 14.00 og omvising kl. 15.00

Billettar frå Bergen:

Billettar for 2025 kjem for sal i løpet av våren 2025!

Pakkepris inkl. lunsj i Rosendal Havecafé:

Vaksen kr.
Honnør kr.
Barn 4-15 år kr.

Mandag – fredag

Avreise Bergen kl 08.50 (bus frå Flesland til båten kl. 09.05) – ankomst Rosendal kl. 10.45
Avreise Rosendal kl. 14.25 (ankomst Flesland kai kl. 15.55, ankomst flyplassen ca. 7 minutes seinare) – ankomst Bergen kl. 16.20

Lørdag – søndag

Avreise Bergen kl 11.00 (bus frå Flesland til båten kl. 11.15)  – ankomst Rosendal kl. 12.55
Avreise Rosendal kl. 16.35 (ankomst Flesland kai kl. 18.00, ankomst flyplassen ca. 7 minutes seinare) – ankomst Bergen kl. 18.25

Bergen - Rosendal Hardangerfjord speedboat express

Mandag – fredag:

Avreise Os kl 09.50* – ankomst Rosendal 10.45
(* NB: bestill båt seinast 30 min før avgang på 98 24 15 30 for påstigning på Os!)
Avreise Rosendal 14.25 – ankomst Os kl. 15.15

Lørdag – søndag:

Avreise Os kl 12.00 – ankomst Rosendal 12.55
Avreise Rosendal 16.35 – ankomst Os kl. 17.23

 

Os and Solstrand - Rosendal Hardangerfjord speedboat express

 

For turoperatørar:

Denne pakkeprisen er bygd opp av gruppeprisar på alle delelement frå både Rødne Fjord Cruise og Baroniet Rosendal, slik at ein får gruppepris på alt uansett størrelse på gruppa. Vi kan dessverre ikkje akseptera papir-vouchers for individuelle gjester. Billettar tilgjengeleg via Rødne Fjordcruise. Då får gruppa også med ein gratis guide frå dykk i gruppa.

Dersom du treng bilde til marknadsføringsføremål finn du ein del her.