For å gjere det så enkelt som mogleg for deg å planlegge ein fin festivaloppleving, har vi satt saman ulike pakkar beståande av billettar til alle arrangement. Dersom du vil komnbinere festivalopplevinga med eit hotellopphald, samarbeider vi med Rosendal Fjordhotell for å gjere det lett for deg å bestille både billettar og overnatting til årets festival. På denne sida finn du ein oversikt over dei ulike pakkane som er tilgjengeleg, både med og utan overnatting. Rosendal Avlsgård og Fruehus er fullbooket under heile festivalen. All overnatting for våre gjester skjer difor i samarbeid med Rosendal Fjordhotell.
Klikk på ønska kategori under for å komme til kjøp av pakkar eller enkeltbillettar.
Bilete til høgre viser ein oversikt over kvar dei ulike pakkane og enkeltbillettane er plassert i salen. Kvar pakke er kopla til ein spesifikk seksjon i Riddersalen. Festivalpass og festivalpakkar kan kjøpast i kombinasjon med val av blå seter, døgnpakkar gule seter, enkeltbillettar grøne seter og rullestol med ledsager lilla seter. Når du kjøper pakke, er det viktig at du vel sete i rett seksjon, elles vil du ikkje få ønska pakke opp som alternativ.
Dersom du vil få med deg alle arrangement under årets festival, men ikkje har behov for overnatting/har ordna overnatting sjølv, er dette den perfekte pakken for deg. Ved kjøp av denne pakken får du festivalpass til alle arrangement under heile festivalen, frå opningskonsert onsdag til siste konsert søndag.
. I tillegg til festivalpass, inneheld denne pakken og gratis inngang til kunstutstilling, Rosendal Slott og Rosendal Have gjennom heile festivalen, samt festivalprogram og kunstkatalog.
Gjennom eit flott samarbeid med Rosendal Fjordhotell, tilbyr vi deg gjennom denne pakken moglegheiten til å få med deg alle arrangement på årets festival i kombinasjon med overnatting på Rosendal Fjordhotell.
Ved kjøp av denne pakken kan du velge mellom overnatting på enkelt- eller dobbeltrom frå onsdag til søndag. Alle rom har separate senger satt saman, og bad med toalett og dusj. Ved overnatting på Rosendal Fjordhotell er det inkludert frokostbuffet torsdag-søndag, og middagsbuffet onsdag-lørdag. Restauranten framstår i ein lys og romantisk stil, med fin utsikt over Hardangerfjorden.
Ved kjøp av denne pakken får du billettar til alle arrangement under heile festivalen, frå åpningskonsert onsdag til siste konsert søndag. Klikk her for å se fullstendig program.
I tillegg til overnatting og billettar, inneheld denne pakken gratis inngong til kunstutsttilling, Rosendal Slott og Rosendal Have gjennom heile opphaldet, samt festivalprogram og kunstkatalog.
Rosendal Fjordhotell ligg ved innløpet av Hardangerfjorden, omkransa av majestetiske fjell og flott natur. Hotellet ligg berre ein kort spasertur unna Baroniet og Riddersalen (1,3 km). Klikk her for å leste mer om Rosendal Fjordhotell.
Dersom du gjerne vil få med deg fleire arrangement på årets festival, og treng overnatting i ein kortare periode, då er dette pakkane for deg. Vi har laga fire mindre pakker, som alle inkluderer ei natt på hotell, samt billetter til arrangement over to dagar.
I tillegg til overnatting og døgnpass, inneheld døgnpakkane gratis inngong til kunstutsttilling, Rosendal Slott og Rosendal Have gjennom heile opphaldet, samt festivalprogram og kunstkatalog.
Både Rosendal Turisthotell og Rosendal Fjordhotell er lokalisert i nærheten av alle festivalens konsertlokaler. På kartert til høyre kan du se en oversikt over beliggenheten til begge hotell og alle konsertlokaler, samt parkeringen du må bruke dersom du kjører til konsert i Riddersalen.