Rosendal Kammermusikkfestival 2024



Vi samarbeider med Rosendal Fjordhotell om å gjera det lett for deg å bestilla festivalopphaldet. Vi har laga ferdige festivalpakkar her med overnatting, halvpensjon, festivalpass til alle konsertar, samt inngang til Rosendal Have.

Ver oppmerksom på at pakkane er per person, og for å bestille dobbeltrom for to personar må du velge to billettar til den foretrukne pakken.

 

Festivalpakker Onsdag 7. August – Søndag 11. August 2024

Ved kjøp av festivalpakke får du tilgang til alle arrangement under festivalen.

 

Døgnpakkar

Dersom du gjerne vil få med deg fleire arrangement på årets festival, og treng overnatting i ein kortare periode, då er dette pakkane for deg. Vi har laga fire mindre pakkar, som alle inkluderer ei natt på Rosendal Fjordhotell med frukost og middag, samt billettar til arrangement over to dagar. D

 

Oversikt over overnattingsstader og konsertsalar i Rosendal

Rosendal Fjordhotell er lokalisert ved innløpet av Hardangerfjorden, omkransa av majestetiske fjell og flott natur. Hotellet ligg berre ein kort spasertur unna Baroniet og Riddersalen (1,3 km).

Sjå googlekart over overnattingsstader og konsertsalar her

 

Les mer om de ulike pakkene her

 

  • Velg billettype
  • Velg kvar du vil sitte i salen i setekartet. (Arrangement i Borggården og i den Røde Sal har ikkje setekart)
  • Dobbeltsjekk at billettypen er riktig for alle billettane.
  • Betal trygt med VISA eller MasterCard
  • Du får så ein mail fra TicketCo med QR-kode. Vis denne på ein smarttelefon (eller utprinta) ved inngong.

Dersom arrangementet er utselt kan du senda oss ein epost og melda deg på venteliste. Ventelistene vert gått gjennom før evt. restbillettar vert lagt ut for sal. Selde billettar vert ikkje refunderte.

Ved å laste ned appen «TicketCo Wallet» får du enkel oversikt over alle billettane du har kjøpt!

Enkelte bankar har lagt inn ekstra sikring på netthandel. Dei krever då at du loggar deg på nettbanken for å godkjenna kjøpet. Ta kontakt dersom du får problem med å gjennomføra kjøpet, så hjelp vi deg.

Det siste som skjer i betalingsprosessen er belasting av konto. Dersom du ikkje har fått billettar kan du vera trygg på at du heller ikkje har fått belasta din konto. Berre prøv igjen.

Dersom du t.d. har kjøpt billettar til feil dato og vil byta, eller ønskjer å oppgradera billetten til å inkludera middag og ev. overnatting, kan vi ordna dette. Ta kontakt med oss på ticketco@baroniet.no så hjelper vi deg.

Eventuelle feilmeldingar angåande billettane vert motteke med takk på epost til ticketco@baroniet.no.

Vi har laga ulike typar opplevingspakkar som inkluderer middag og evt. overnatting:

  • Konsert
  • Konsert og middag i Hagecafé & Drivhus i Kjøken- & Urtehagen (før eller etter arrangementet). God, lokal mat.
  • Konsert og 3-retters slottsmiddag i Havestuen på Slottet frå 1665 ca. 15 minuttar etter konserten.
  • Konsert, 3-retters slottsmiddag i Havestuen på Slottet frå 1665 ca. 15 minuttar etter konserten, og overnatting med frukost på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (dei fleste romma har vask, medan delt dusj og toalett er på gangen).

Dersom ein billettype er utseld kan det framleis vera ledige billettar på andre. Sjå oversikt.

Bordsetting til Slottsmiddag i Havestuen og overnatting på Avlsgården
Vi reknar billettar kjøpt på same epostadresse som ei gruppe som skal sitja i lag i Havestuen og evt. bu i lag. Send oss gjerne ein epost til ticketco@baroniet.no om antal enkeltrom og dobbeltrom. Det same gjeld dersom de har bestilt middag til ulike epostadresser.

Rosendal Kammermusikkfestival – pakkar med overnatting

Vi har gjort jobben for deg: Vi har laga ferdige pakkar med konsertar, foredrag, overnatting med frukost og middag slik at du kan sikra deg alt du treng på ein gong. Berre vel enkeltromspakke eller dobbeltromspakke (husk å kjøp 2 pakkar då pakken er per person) , og du har alt du treng:

  • alle konsertar
  • gratis inngang til Rosendal Have under heile opphaldet.
  • festivalprogram
  • overnatting der du ønskjer i Rosendal (berre velg pakken knytta til rett stad)
  • frukost
  • 2- eller 3-rettars middag

Desse lettvinte pakkane finst både som døgnpakkar og som store festivalpass for heile festivalen.