Rosendal Kammermusikkfestival 2024

Zlata Chochieva

Biografi

Då Zlata Chochieva si sensasjonelle innspeling av Chopin sine etydar blei kåra av Gramophone til ei av dei ti beste Chopin-utgivingane, skreiv kritikaren Jeremy Nicholas «det er utan tvil ein av dei mest gjennomført inspirerte, meisterleg utførte og vakraste versjonane eg kan hugsa».

 

I sesongen 2023/24 debuterer Zlata Chochieva i New York, med recitals i Rockefeller University Wednesday Caspary Auditorium Series og New Yorks legendariske Town Hall, i regi av People’s Symphony. På USA-turnéen opptrer ho òg i Duke University Piano Series, Lee University, San Francisco Herbst Hall, Friends of Chamber Music Miami og Portland Ovation Series. Etter debuten i Elbphilharmonie med Hamburger Camerata i april, skal Zlata no tilbake til Elbphilharmonie med eit recital-program. Av andre europeiske opptredenar kan nemnast recital i Konzerthaus Berlin, debut i Laeiszhalle, Bach Keyboard Concerti ved Sala Verdi Milan og konsertar under Leif Ove Andsnes sin Rosendal Kammermusikkfestival. I september 2023 var Zlata i Rakhmaninov sin Villa Senar for å spela og snakka om komponisten i samband med den tyske filmprodusenten Jan Schmidt-Garre sitt prosjekt «Pianoets alkemi».

Zlata entra scena første gong berre fire år gamal, og debuterte med orkester tre år seinare, med ein Mozart-konsert i Moskva Statskonservatoriums Store sal. Sidan har ho halde konsertar i Herkulessaal Munich, Concertgebouw Amsterdam, Philharmonie de Paris, Wigmore Hall, Teatro La Fenice i Venezia, Konzerthaus Berlin, Elbphilharmonie Hamburg, Victoria Hall i Geneve, Tivolis Koncertsal i København, Casa da Música Porto, Moskva Statskonservatoriums Store sal, og Taiwans Nasjonale Kaohsiung Kunstsenter. Ho har spelt med ei rekke store orkester, blant dei er Russlands Nasjonalorkester, Det russiske statssymfoniorkesteret, BBC Scottish Symphony Orchestra, Copenhagen Phil, Münchener  Kammerorchester og Orchestre Philharmonique de Nice. Zlata har hatt gleda av å samarbeida blant anna med dirigentane Mikhail Pletnev, Simon Gaudenz, Terje Mikkelsen og Tugan Sokhiev.

I tillegg til eit orkesterrepertoar på meir enn 50 pianokonsertar, er Zlata Chochieva ein dedikert kammermusikar. Ho har blant andre samarbeidd med Stephen Kovacevic, Lynn Harrell, Gilles Apap og Jacquelyn Wagner. Ho er knytt til plateselskapet Naïve Records, og den siste utgivinga hennar Im freien blei Editor’s Choice i Gramophone i juni 2023. Den første innspelinga ho gjorde for Naïve, Chiaroscuro (mai 2022), kopla Mozart og Scriabin. Albumet kom ut i samband med 150-årsfeiringa av Scriabin, og blei Critic’s Choice i International Piano Magazine. Albumet (re)creations, ei samling pianotranskripsjonar av Rakhmaninov, Liszt og Friedman, blei spelt inn for Accentus under pandemien, og vann ein prestisjetung German Record Critics’ Award.

Zlata Chochieva er fødd i Moskva, og bur no i Berlin. Ho var Mikhail Pletnev sin protesjé ved Central Special Music School, og studerte med Pavel Nersessian ved Moskva Statskonservatorium. Ho fullførte studiane ved Univärsitet Mozarteum i Salzburg med Jacques Rouvier, og var deretter assistenten hans i fleire år. Zlata grunnla i 2018 den Internasjonale festivalen i Rakhmaninovs sommarhus lvanovka, der ho er kunstnarleg leiar.

Les meir

Festival forestillinger i 2024

Velkomne med æra
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

Béla Bartók: Kontraster
Florian Donderer (fiolin), Wenzel Fuchs (klarinett), Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Fra Études d´exécution transcendante: nr. 5 "Feux Follets", nr. 12, "Chasse-neige"
Zlata Chochieva (piano)

PAUSE

Ruth Wilhelmine Meyer: Lokeslottet
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

Béla Bartók: Fiolinsonate nr. 1, Sz.75
Vilde Frang (fiolin), Leif Ove Andsnes (piano)

György Kurtág: Ligatura—Message to Frances‐Marie (the Answered Unanswered Question), op. 31b
Adrien Jurkovic, Thomas Descamps (fioliner), Victor Julien-Laferrière, Simon Iachemet (celloer), Leif Ove Andsnes (piano)

Robert Schumann: Fantasistykker, op. 73
Wenzel Fuchs (klarinett), Leif Ove Andsnes (piano)

György Kurtág: Utvalg fra Játékok og Jelek, játékok és üzenetek
Leif Ove Andsnes (piano), Antoine Tamestit (bratsj)

György Kurtág: Omaggio a Luigi Nono, op. 16
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

Robert Schumann: Gute Nacht, Op. 59 No.
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

PAUSE

Robert Schumann: Pianokvartett i ess-dur, op. 47
Zlata Chochieva (piano), Vilde Frang (fiolin), Antoine Tamestit (bratsj), Victor Julien-Laferrière (cello)

György Kurtág: Hommage à R. Sch., op. 15d
Wenzel Fuchs (klarinett), Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Consolations nr. 2, 3, & 6
Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Elegi nr.1, S.130b
Victor Julien-Laferrière (cello), Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Die Zelle in Nonnenwerth (Elegi), S.382
Florian Donderer (fiolin), Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Romance oubliée, S.132
Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Johann Sebastian Bach / Franz Liszt: Fantasy and Fugue, S.463
Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Consolations nr. 2, 3, & 6
Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Elegi nr.1, S.130b
Victor Julien-Laferrière (cello), Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Die Zelle in Nonnenwerth (Elegi), S.382
Florian Donderer (fiolin), Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Romance oubliée, S.132
Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Johann Sebastian Bach / Franz Liszt: Fantasy and Fugue, S.463
Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Consolations nr. 2, 3, & 6
Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Elegi nr.1, S.130b
Victor Julien-Laferrière (cello), Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Die Zelle in Nonnenwerth (Elegi), S.382
Florian Donderer (fiolin), Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Romance oubliée, S.132
Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Johann Sebastian Bach / Franz Liszt: Fantasy and Fugue, S.463
Zlata Chochieva (piano)

György Kurtág: Fra Játékok: Aus der Ferne
Leif Ove Andsnes (piano)

Jon Fosse: Er det ei meining over desse tinga. Utdrag.
Arnhild Litleré

J. S. Bach/Kurtág: Koralpreludium: Aus tiefer not schrei ich zu dir, BWV 687
Zlata Chochieva (piano), Leif Ove Andsnes (piano)

Refaat Alareer: Om eg må døy
Arnhild Litleré

J. S. Bach: Fra Partita Nr.2 i d-moll, BWV 1004: Sarabande
Florian Donderer (fiolin)

Paul Celan/Olav H. Hauge: Dødsfuge
Arnhild Litleré

László Weiner: Adagio fra serenade for stryketrio
Florian Donderer (fiolin), Antoine Tamestit (bratsj), Victor Julien-Laferrière (cello)

Åse Marie Næsse: Men du syng
Arnhild Litleré

J. S. Bach/Bartók: Lento fra triosonate i G-dur, BWV 530
Zlata Chochieva (piano)

J. S. Bach/Rachmaninov: Prelude fra partita for solofiolin i E-dur BWV 1006
Zlata Chochieva (piano)

Brynjulf Jung Tjønn: Fred
Arnhild Litleré

Ruth Wilhelmine Meyer: Trinity
Ruth Wilhelmine Meyer (stemme), Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

PAUSE

Arnljot Eidslott: Stabat Mater
Arnhild Litleré

Franz Liszt: Via Crucis, S.53
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent), Leif Ove Andsnes (piano) - Einleitung. Vexilla Regis ("O Crux, Ave!") - Statjon I. Jesus er dømt til døden - Statjon II. Jesus bærer sitt kors - Statjon III. Jesus faller for første gang - Statjon IV. Jesus møter sin hellige mor - Statjon V. Simon av Kyrene hjelper Jesus å bære korset - Statjon VI. Sancta Veronica ("Å hode, fullt av blod og sår") - Statjon VII. Jesus faller for andre gang - Statjon VIII. Kvinnene i Jerusalem ("Nolite flere super me, sed super vos ipos et super filios vestros") - Statjon IX. Jesus faller for tredje gang - Statjon X. Jesus er avkledd - Statjon XI. Jesus vil bli korsfestet ("Crucifige") - Statjon XII. Jesus dør på korset ("Eli, Eli, lamma Sabacthani") - Statjon XIII. Jesus blir tatt til korset - Statjon XIV. Jesus blir lagt i graven ("Ave Crux, spes unica") Solister: Pilatus: Olle Holmgren Jesus: Øystein Stensheim Mari Askvik, alt