I 2012 blei Vilde Frang einstemmig tildelt Credit Suisse Young Artists Award, noko som førte til debuten hennar med Wiener Philharmoniker under Bernard Haitink ved Lucerne-festivalen.
Den djupe musiseringa og ei særeigen lyrisk forståing har gjort Frang til ein av dei fremste og mest særprega fiolinistane i sin generasjon. Ho opptrer jamleg med verdas viktigaste orkester, inkludert Berlinfilharmonien, Concertgbouw Orchestra, London Symphony Orchestra, Chamber Orchestra of Europe, Los Angeles Philharmonic, Budapest Festival Orchestra og Oslo-filharmonien.
Blant høgdepunkta denne sesongen er gjensyn med Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks, Tonhalle Orchestra Zurich, Concertgebouw Orchestra og Berlinfilharmonien, og debuten med Orchestra dell’ Accademia di Santa Cecilia. Frang skal òg turnera internasjonalt med Bayerische Staatsorchester og Vladimir Jurowski, Basel Kammerorchester under leiing av Philippe Herreweghe og B’rock Orchester. Ho er artist-in- residence ved Radio France, og spelar i Paris fleire gonger denne sesongen, både med Orchestre National de France og Orchestre Philharmonique de Radio France.
Vilde har hatt gleda av å samarbeida med dirigentar som Sir Simon Rattle, Bernard Haitink, Herbert Blomstedt, Esa-Pekka Salonen, Mariss Jansons, Vladimir Ashkenazy, Ivan Fischer, Maxim Emelyanychev, Jakub Hrůša, Vladimir Jurowski, Manfred Honeck, Teodor Currentzis, Daniel Harding, Antonio Pappano, Lahav Shani, Paavo Järvi og Yuri Temirkanov.
Ho er ein ihuga og framståande kammermusikar, og opptrer jamleg ved Lucerne Festival, BBC Proms i London, festivalane i Verbier og Lockenhaus, ved George Enescu Festival, Salzburg Festival og Vårfestivalen i Praha. Ho held òg med jamne mellomrom recitals i Carnegie Hall, Concertgebouw, Musikverein Wien, Philharmonie Berlin, Wigmore Hall, Tonhalle Zurich og Bozar i Brussel, og i Nord-Amerika som del av Vancouver Recital Series, Boston Celebrity Series og San Francisco Performances.
Vilde Frang er knytt til plateselskapet Warner Classics, og har fått ei rekke prisar for innspelingane sine, inkludert Edison Klassiek Award, Diapason d’Or frå Diapason Magazine, Deutsche Schallplattenpreis, Grand Prix du Disque og to Gramophone-prisar.
Vilde blei engasjert av Mariss Jansons og debuterte med Oslo-filharmonien som tolvåring. Ho studerte ved Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo, med Kolja Blacher ved Musikhochschule Hamburg og Ana Humachenco ved Kronberg Academy.
Vilde spelar på ein 1734 Guarneri del Gesu, sjenerøst utlånt av ein europeisk velgjerar.