I april 2021 blei Tanja Tetzlaff den første som fekk byen Weimars Glenn Gould Bach Stipend. Takk vere prispengane kunne ho realisera filmprosjektet Suites4Nature, som koplar Bach sine berømte cellosuitar til natur- og klimaspørsmål.
Filmen hadde premiere i Weimar i april 2023, og er sidan vist mellom anna under Vienna Film Festival, Bonn Beethovenfest, Kronberg Festival og på ei rekke kinoar. Det ekstraordinære prosjektet fekk Innovasjonsprisen for bærekraft ved Opus Klassik Awards i oktober 2023. Ho får òg ein Opus Klassik-pris for beste kammermusikkutgiving i 2023, saman med broren Christian Tetzlaff og Lars Vogt, som får prisen posthumt, for innspelinga av Schubert sine pianotrioar, utgitt på Ondine.
Tanja Tetzlaff sitt varemerke er eit usedvanleg breitt repertoar. I tillegg til dei store konsertane i standardrepertoaret for cello, er ho særleg glad i cellokonsertane av Unsuk Chin, Witold Lutosławski, Jörg Widmann, Bernd Alois Zimmermann og Rolf Wallins dobbelkonsert for cello og slagverk. I september 2022 urframførte ho Dobbelkonsert for cello og perkusjon av Olga Neuwirth med Trondheim Symfoniorkester og perkusjonist Hans Kristian Kjos Sørensen.
I sesongen 2023/24 opptrer Tanja Tetzlaff blant anna med Odense Symfoniorkester, Praha Radiosymfoniorkester, Staatsorchester Braunschweig og Beethovenorchester Bonn. Ho spelar òg kammerkonsertar med Tetzlaff Quartett i Musikverein Wien, Pierre Boulez Saal, Bozar i Brussel og Muziekgebouw i Amsterdam, og konsertar med ektemannen Florian Donderer, pianistane Kiveli Dörken og Lauma Skride, og med Signum Quartett.
I løpet av karrieren har Tanja Tetzlaff opptredd med Tonhalle-Orchester Zürich, Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks, Konzerthausorchester Berlin, Die Deutsche Kammerphilharmonie Bremen, Philharmonia Orchestra i London og Scottish Chamber Orchestra, Orchestre de Paris, Cincinnati Symphony Orchestra, Tokyo Metropolitan Symphony Orchestra og NHK Symfoniorkester.
Ho har samarbeidd med framståande dirigentar som Alan Gilbert, Daniel Harding, Philippe Herreweghe, Karina Canellakis, Paavo Järvi, Sir Roger Norrington og Robin Ticciati.
Tanja Tetzlaff brenn for kammermusikk. I 1994 starta ho Tetzlaff Quartett saman med Christian Tetzlaff, Elisabeth Kufferath og Hanna Weinmeister, og sidan har kvartetten spelt på ei rekke internasjonale konsertscenar. Blant andre faste kammermusikkpartnarar er fiolinist Florian Donderer, pianist Lauma Skride, Signum Saxophone Quartet og ein septett leia av fiolinist Franziska Hölscher.
Tetzlaff har gjort innspelingar på CAvi, Ars, NEOS og Ondine, inkludert konsertar av Wolfgang Rihm og Ernst Toch. Ei soloinnspeling med Bach-suitar og verk av Thorsten Encke blei lansert i oktober 2019.
Tanja Tetzlaff studerte ved Hochschule für Musik und Theater Hamburg med professor Bernhard Gmelin og ved Mozarteum Salzburg med professor Heinrich Schiff. Frå 2021/22, har ho vore professor ved cello-instituttet ved Hochschule für Musik und Theater Hamburg. Ho spelar på ein cello bygd av Giovanni Baptista Guadagnini i 1776.