Rosendal Kammermusikkfestival 2024

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes

Biografi

New York Times har kalla Leif Ove Andsnes «ein pianist med myndig eleganse, kraft og innsikt», og Wall Street Journalhar utropt han til «ein av dei mest gåverike musikarane i sin generasjon.» Med suveren teknikk og nyskapande tolkingar har den berømte norske pianisten vekt begeistring over heile verda. Han har spelt konsertar og recitals i verdas mest kjende konsertsalar og med dei fremste orkestera, samtidig som han har spelt inn ei lang rekke kritikarroste plater. Andsnes glødar for kammermusikken. Han er grunnleggar og kunstnarleg leiar av Rosendal Kammermusikkfestival, var kunstnarleg leiar for Risør Kammermusikkfestival i nesten to tiår, og for Ojai Music Festival i California i 2012. Han blei innlemma i «Gramophone Hall of Fame» i juli 2013, og er æresdoktor ved Juilliard School i New York og universiteta i Bergen og Oslo.

I 2023/24-sesongen framfører Andsnes Keiserkonserten av Beethoven på tre kontinent, med New York Philharmonic under Jaap van Zweden og New World Symphony under Michael Tilson Thomas, på Japan-turné med NHK Symphony og Herbert Blomstedt, og i sesong-opningskonsertar med Belgian National Orchestra, på turnéar med Orchestre National des Pays de la Loire og Göteborgs Symfoniker, og med Thomas Søndergård som dirigent for London Symphony Orchestra (LSO). Seinare i sesongen møter Andsnes igjen LSO for å spela Mozarts pianokonsert nr. 22 under leiing av Nathalie Stutzmann, han framfører Rakhmaninovs tredje pianokonsert med Lahav Shani og Philadelphia Orchestra, medan Manfred Honeck dirigerer både Pittsburgh Symphony og DR Symforniorkestret, og Klaus Mäkelä leiar Orchestre de Paris. Pianisten legg òg ut på høgprofilerte solorecital-turnéar i Japan og Europa, før han saman med Dover Quartet spelar pianokvintettane til Brahms og Dohnányi på ein turné til fem nordamerikanske byar, blant anna i Kennedy Center og Carnegies Zankel Hall. I oktober 2023 lanserte han samlinga Leif Ove Andsnes: The Complete Warner Classics Edition 1990-2010, ein retrospektiv CD-boks med 36 album, mange av dei Gramophone-prisvinnarar.

Som første kunstnarlege partner i Mahler Chamber Orchestra (MCO) fullførte Andsnes nyleg Mozart Momentum 1785/86. I eit omfattande prosjekt over fleire sesongar utforska pianist og orkester dei mest kreative og banebrytande periodane til Mozart. Andsnes leia ensemblet frå pianokrakken i Mozarts pianokonsertar nr. 20–24 ved BBC Proms i London og på andre sentrale scenar i Europa, og spelte inn verka for Sony Classical. Prosjektet sitt første album, MM/1785, blei nominert til 2022 International Classical Music Award, og tildelt den prestisjetunge franske Diapason d’or de l’année for beste konsertalbum i 2021. Gramophone kåra det andre albumet, MM/1786, til årets beste klassiske album i 2022, mens del to i serien fekk magasinet sin 2022 Special Achievement-pris. Mozart Momentum 1785/86 var Andsnes sitt andre samarbeidsprosjekt med MCO, etter suksessen med The Beethoven Journey. Gjennom fire sesongar gjekk Andsnes i djupna av Beethoven sin musikk for piano og orkester, på turnear til 108 byar i 27 land med meir enn 230 konsertar. Han leia MCO frå pianokrakken i Beethoven-pianokonsertsyklusar i Bonn, Hamburg, Lucerne, Wien, Paris, New York, Shanghai, Tokyo, Bodø og London, og samarbeidde med leiande internasjonale orkester som Los Angeles Philharmonic, San Francisco Symphony, London Philharmonic og Münchner Philharmoniker. Prosjektet blei foreviga i dokumentaren Concerto – A Beethoven Journey (2016), og er utgitt i Sony Classical-serien The Beethoven Journey. Den første delen av prosjektet blei kåra til iTunes’ beste instrumentalalbum i 2012, og vann den belgiske Prix Caecilia. Den andre delen blei i 2015 heidra med BBC Music sin høgthengande pris for årets beste utgiving, og den samla serien kom på New York Times si liste «Best of 2014».

Andsnes har gitt ut meir enn 50 album – soloverk, kammermusikk og pianokonsertar, mange av dei bestseljarar – med repertoar som spenner frå barokken til samtidsmusikk. Han har vore nominert til elleve Grammy-prisar, og blant dei mange internasjonale utmerkingane hans er sju Gramophone-prisar. EMI Classics-innspelingane av musikken til Edvard Grieg har fått strålande kritikkar. New York Times kåra Andsnes si 2004-innspeling av Grieg sin pianokonsert med Mariss Jansons og Berlinfilharmonien til årets beste CD, Penguin Guide gav innspelinga den høgthengande Rosette-prisen, og både det albumet og innspelinga med Grieg sine lyriske stykke vann Gramophone-prisar. Innspelinga hans av Mozarts pianokonsert nr. 9 og 18 blei òg kåra til årets beste i New York Times, og fekk Penguin Guides Rosette-pris. Han fekk nok ein Gramophone-pris for Rakhmaninovs 1. og 2. pianokonsert med Antonio Pappano og Berlinfilharmonien. Ein serie innspelingar der Schubert sine seine sonatar blei sett saman med Ian Bostridge som song lieder fekk ei overveldande mottaking. Det fekk òg Andsnes sine verdspremiere-innspelingar av Marc-André Dalbavies pianokonsert og Bent Sørensens The Shadows of Silence, begge komponert til han. I tillegg til The Beethoven Journeyog MM 1785/86 omfattar dei nyaste innspelingane hans Dvořáks urettvist gløymde pianosyklus Poetic Tone Pictures, Chopin: Ballades & Nocturnes og Billboard-bestseljaren Sibelius, alle spelt inn på Sony Classical, Stravinsky: The Rite of Spring & other works for two pianos four hands, spelt inn med Marc-André Hamelin på Hyperion, og Schumann: Liederkreis & Kernerlieder, spelt inn med Matthias Goerne for Harmonia Mundi. Samarbeida med både Hamelin og Goerne blei nominert til Grammy-prisar.

Andsnes er utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden, og han blei Årets Peer Gynt i 2007. Heidersprisen går til ein person eller ein institusjon som har markert seg på ein positiv måte og gjort Noreg sitt namn kjent i utlandet. Stortingsrepresentantane avgjer i skriftleg avstemming kven som blir Årets Peer Gynt. I 2004/05 blei han den yngste musikaren, og den første skandinaven, som kuraterte «Perspectives»-serien i Carnegie Hall. Han er òg blitt presentert i London Symphony Orchestra sin artistportrett-serie. I 2010/11 var han pianist-in-residence ved Berlinfilharmonien, i 2017/18 artist-in-residence ved New York Philharmonic og i 2019/20 artist-in-residence i Göteborgs Symfoniker. Etter at han hadde mottatt både Royal Philharmonic Society sin instrumentalistpris og Gilmore Artist Award, utropte Vanity Fair i 2005 Andsnes til ein av «dei beste av dei beste».

Leif Ove Andsnes blei fødd på Karmøy i 1970, og studerte ved Bergen Musikkonservatorium med den kjente tsjekkiske professoren Jirí Hlinka. Han har òg fått uvurderleg rettleiing frå den belgiske pianolæraren Jacques de Tiège, som til liks med Hlinka har hatt stor innverknad både på Andsnes sin spelestil og på dei musikalske tolkingane hans.
Andsnes bur i Bergen med sambuar og deira tre barn. Han er kunstnarleg rådgivar ved Prof. Jirí Hlinka Klaverakademi, der han kvart år held ein meisterklasse for deltakarane.

Les meir

Festival forestillinger i 2024

Velkomne med æra
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

Béla Bartók: Kontraster
Florian Donderer (fiolin), Wenzel Fuchs (klarinett), Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Fra Études d´exécution transcendante: nr. 5 "Feux Follets", nr. 12, "Chasse-neige"
Zlata Chochieva (piano)

PAUSE

Ruth Wilhelmine Meyer: Lokeslottet
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

Béla Bartók: Fiolinsonate nr. 1, Sz.75
Vilde Frang (fiolin), Leif Ove Andsnes (piano)

György Kurtág: Ligatura—Message to Frances‐Marie (the Answered Unanswered Question), op. 31b
Adrien Jurkovic, Thomas Descamps (fioliner), Victor Julien-Laferrière, Simon Iachemet (celloer), Leif Ove Andsnes (piano)

Robert Schumann: Fantasistykker, op. 73
Wenzel Fuchs (klarinett), Leif Ove Andsnes (piano)

György Kurtág: Utvalg fra Játékok og Jelek, játékok és üzenetek
Leif Ove Andsnes (piano), Antoine Tamestit (bratsj)

György Kurtág: Omaggio a Luigi Nono, op. 16
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

Robert Schumann: Gute Nacht, Op. 59 No.
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

PAUSE

Robert Schumann: Pianokvartett i ess-dur, op. 47
Zlata Chochieva (piano), Vilde Frang (fiolin), Antoine Tamestit (bratsj), Victor Julien-Laferrière (cello)

György Kurtág: Hommage à R. Sch., op. 15d
Wenzel Fuchs (klarinett), Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Johann Sebastian Bach / Wolfgang Amadeus Mozart : Adagio and Fugue i g-moll
Florian Donderer (fiolin), Raphaël Pagnon (bratsj), Victor Julien-Laferrière (cello)

Johann Sebastian Bach: Cellosuite nr. 5 i c-moll, BWV 1011
Victor Julien-Laferrière (cello)

PAUSE

Johann Sebastian Bach: Cembalokonsert i d-moll, BWV 1059 (rekonstruksjon av Masato Suzuki)
Masato Suzuki (cembalo), Barokkorkester

Johann Sebastian Bach: Cembalokonsert nr. 3 i D-dur, BWV 1054
Masato Suzuki (cembalo), Barokkorkester

Franz Liszt: Consolations nr. 2, 3, & 6
Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Elegi nr.1, S.130b
Victor Julien-Laferrière (cello), Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Die Zelle in Nonnenwerth (Elegi), S.382
Florian Donderer (fiolin), Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Romance oubliée, S.132
Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Johann Sebastian Bach / Franz Liszt: Fantasy and Fugue, S.463
Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Consolations nr. 2, 3, & 6
Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Elegi nr.1, S.130b
Victor Julien-Laferrière (cello), Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Die Zelle in Nonnenwerth (Elegi), S.382
Florian Donderer (fiolin), Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Romance oubliée, S.132
Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Johann Sebastian Bach / Franz Liszt: Fantasy and Fugue, S.463
Zlata Chochieva (piano)

György Ligeti: Continuum
Masato Suzuki (cembalo)

György Ligeti: Hungarian Rock
Masato Suzuki (cembalo)

Ruth Wilhelmine Meyer: Solo stemme
Ruth Wilhelmine Meyer (stemme)

Edvard Grieg/Ruth Wilhelmine Meyer: I Dovregubbens Hall
Ruth Wilhelmine Meyer (stemme), Leif Ove Andsnes (piano)

Ernő Dohnányi: Sekstett i C-dur, op. 37
Florian Donderer (fiolin), Raphaël Pagnon(bratsj), Victor Julien-Laferrière (cello), Nikita Khnykin (piano), Wenzel Fuchs (klarinett), Ragnhild Lothe (horn)

György Kurtág: Fra Játékok: Aus der Ferne
Leif Ove Andsnes (piano)

Jon Fosse: Er det ei meining over desse tinga. Utdrag.
Arnhild Litleré

J. S. Bach/Kurtág: Koralpreludium: Aus tiefer not schrei ich zu dir, BWV 687
Zlata Chochieva (piano), Leif Ove Andsnes (piano)

Refaat Alareer: Om eg må døy
Arnhild Litleré

J. S. Bach: Fra Partita Nr.2 i d-moll, BWV 1004: Sarabande
Florian Donderer (fiolin)

Paul Celan/Olav H. Hauge: Dødsfuge
Arnhild Litleré

László Weiner: Adagio fra serenade for stryketrio
Florian Donderer (fiolin), Antoine Tamestit (bratsj), Victor Julien-Laferrière (cello)

Åse Marie Næsse: Men du syng
Arnhild Litleré

J. S. Bach/Bartók: Lento fra triosonate i G-dur, BWV 530
Zlata Chochieva (piano)

J. S. Bach/Rachmaninov: Prelude fra partita for solofiolin i E-dur BWV 1006
Zlata Chochieva (piano)

Brynjulf Jung Tjønn: Fred
Arnhild Litleré

Ruth Wilhelmine Meyer: Trinity
Ruth Wilhelmine Meyer (stemme), Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

PAUSE

Arnljot Eidslott: Stabat Mater
Arnhild Litleré

Franz Liszt: Via Crucis, S.53
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent), Leif Ove Andsnes (piano) - Einleitung. Vexilla Regis ("O Crux, Ave!") - Statjon I. Jesus er dømt til døden - Statjon II. Jesus bærer sitt kors - Statjon III. Jesus faller for første gang - Statjon IV. Jesus møter sin hellige mor - Statjon V. Simon av Kyrene hjelper Jesus å bære korset - Statjon VI. Sancta Veronica ("Å hode, fullt av blod og sår") - Statjon VII. Jesus faller for andre gang - Statjon VIII. Kvinnene i Jerusalem ("Nolite flere super me, sed super vos ipos et super filios vestros") - Statjon IX. Jesus faller for tredje gang - Statjon X. Jesus er avkledd - Statjon XI. Jesus vil bli korsfestet ("Crucifige") - Statjon XII. Jesus dør på korset ("Eli, Eli, lamma Sabacthani") - Statjon XIII. Jesus blir tatt til korset - Statjon XIV. Jesus blir lagt i graven ("Ave Crux, spes unica") Solister: Pilatus: Olle Holmgren Jesus: Øystein Stensheim Mari Askvik, alt