Fiolinisten Florian Donderer er ein av dei mest interessante musikarane i sin generasjon, og han er sagt å spela med «eksepsjonell venleik, fabelaktig teknikk og sjokkerande intensitet».
Han er ein allsidig musikar, høgt verdsett som kammermusikar, solist, konsertmeister og dirigent, og han samarbeider med framifrå musikarar som Christian Tetzlaff, Antje Weithaas, Viktoria Mullova, Tanja Tetzlaff, Julian Steckel, Kiveli Dörken, Alexander Lonquich, Sharon Kam, Matthias Görne og Paavo Järvi.
Florian Donderer opptrer jamleg på festivalar som Festspillene i Bergen, Beethovenfest Bonn, Festwochen Berlin, Schwetzinger Festspiele og han er blant dei opprinnelege medlemmeane i Spannungen, ein av dei fremste musikkfestivalane i Tyskland, grunnlagt av pianisten Lars Vogt.
Donderer er kunstnarleg leiar for Rottweil Musikfestival, ein av dei lengstlevande kammermusikkfestivalane i Tyskland. Saman med kona si, Tanja Tetzlaff, kuraterer han ein kammermusikkserie i Sendesaal Bremen.
Han er førstefiolinist i Signum Quartett, ein av dagens mest utforskande og framståande strykekvartettar. Konsertar med Signum Quartett har ført han til ei rekke internasjonale scenar, frå Boulez-Saal i Berlin og Elbphilharmonie Hamburg til Wigmore Hall i London og Concertgebouw Amsterdam. Kritikarane erklærte Signum Quartett sin 2023-debut i Carnegie Hall i New York for «eitt av sesongens høgdepunkt».
Florian Donderer er særleg kjent for at han som kunstnarleg leiar dirigerer orkester frå konsertmeisterplass. Han var lenge konsertmeister i eit av verdas fremste kammerorkester, Deutsche Kammerphilharmonie Bremen, og var ein nøkkelfigur i arbeidet med det som har blitt eitt av kjennemerka til orkesteret – å spela utan dirigent. Han blir jamleg invitert som dirigent og solist av topp-orkester som Irish Chamber Orchestra, Scottish Chamber Orchestra, Estlands Nasjonalorkester, Kammerorchester Basel, Det Norske Kammerorkester, Sinfonietta Riga, Tallinna Kammerorkester, Lappland Kammerorkester og Camerata Bern.
Donderer debuterte som dirigent med Ensemble Oriol og Christiane Oelze i kammermusikksalen i Berliner Philharmonie, følgt av ei innspeling med Deutsche Kammerphilharmonie Bremen og Tanja Tetzlaff. Han har mellom anna dirigert Kammerakademie Neuss, Südwestdeutsches Kammerorchester Pforzheim og Festival Strings Lucerne.
Han har vore professor ved Hanzehoogschool Groningen og held jamleg meisterklassar i fiolin, kammermusikk og orkesterspel, mellom anna ved Scuola di Musica di Fiesole, Zürcher Hochschule der Künste, Royal Academy of Music i Dublin, Die Hochschule für Musik Basel, Latvias Musikkakademi og Det Estiske Musikkakademi.
Høgdepunkt i sesongen 2024/25 er konsertar som solist og dirigent med Estlands Nasjonalorkester, Sinfonietta Riga, Lappland Kammerorkester, Tallinna Kammerorkester og Osnabrücker Symphonieorchester. Han skal for første gong spela på Ilumona Festival i Brasil og på Leif Ove Andsnes sin Rosendal Kammermusikkfestival
Donderer spelar på ein fiolin bygd av den tyske fiolinmakeren Peter Greiner i 2003, med bogar frå Nico Plog i Antwerpen.