Rosendal Kammermusikkfestival 2024

Antoine Tamestit

Biografi

Bratsjist Antoine Tamestit er internasjonalt anerkjent som ein framståande solist, recitalist og kammermusikar. Han begeistrar med makelaus teknikk, og blir hylla for ein vakker, nyanserik tone. Det breie repertoaret hans spenner frå barokken til i dag, og engasjementet for samtidsmusikken har ført til ei rekke urframføringar av nye verk.

I sesongen 2023/24 har Antoine ei rekke internasjonale opptredenar. Han skal på Europa-turné med Staatskapelle Dresden, debuterer med Berlinfilharmonien, New York-filharmonien, og Concertgebouw-orkesteret, han er artist-in-residence ved Tongyeong internasjonale musikkfestival i Sør-Korea og framfører Joe Hisaishi sin Viola Saga i Asia.

Dei siste sesongane har Antoine spelt med Cleveland Orchestra, Orchestre Philharmonique de Radio France, Tonhalle-Orchester Zürich, Accademia Nazionale di Santa Cecilia, Chamber Orchestra of Europe, Mahler Chamber Orchestra og mange fleire. Han opptrer jamleg med framståande dirigentar som Teodor Currentzis, Sir John Eliot Gardiner, Daniel Harding, Paavo Järvi, Klaus Mäkelä, Sir Antonio Pappano, Kirill Petrenko, Sir Simon Rattle, Francois-Xavier Roth, Yannick Nézet-Séguin, Christian Thielemann og Jaap van Zweden.

Blant dei viktigaste verka Antoine Tamestit har urframført er Jörg Widmanns bratsjkonsert, La Nuit des Chants av Thierry Escaich, Bruno Mantovanis konsert for to bratsjar med Tabea Zimmermann, i tillegg til Gérard Tamestits Sakura og Olga Neuwirths Remnants of Songs og Weariness Heals Wounds. I 2023/24-sesongen urframfører han to nye verk skrive for han: Nikodijevich sin Psalmodija med SWR Symphony Orchestra og Filideis bratsjkonsert med Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks. Antoine er ein pasjonert kammermusikar, og opptrer jamleg med Emmanuel Ax, Isabelle Faust, Martin Fröst, Leonidas Kavakos, Yo-Yo Ma, Emmanuel Pahud, Francesco Piemontesi, Cédric Tiberghien, Yuja Wang, Jörg Widmann, Shai Wosner og strykekvartetten Quator Ébène.

Han var òg ein av grunnleggarane av Trio Zimmermann med Frank Peter Zimmermann og Christian Poltera, som opptredde i Europas mest kjente konsertsalar i meir enn ti år. Saman spelte dei inn ei rekke kritikarroste album for BIS Records, inkludert deira eige arrangement av Goldbergvariasjonane av Bach.

Antoine Tamestit er ein engasjert lærar, og var i ti år programdirektør for Viola Space Festival i Japan, der han var opptatt av å utvida bratsjrepertoaret og utvikla nye utdanningsprogram. Han har òg vore professor ved Musikkhøgskulen i Köln og ved Pariskonservatoriet, og held no meisterklassar ved Kronbergakademiet og i store delar av verda.

Antoine har gitt ut kritikarroste album på fleire plateselskap. Dei nyaste utgivingane hans på Harmonia Mundi omfattar Johannes Brahms sine Sonatar for bratsj og klaver med Cédric Tiberghien og eit Telemann-album med Akademie für Alte Musik Berlin. 2018-innspelinga hans av Widmanns bratsjkonsert med Symphonieorchester des Bayerischen Rundfunks og Daniel Harding fekk førstepris i BBC Music Magazine Awards i 2019.

Tamestit blei fødd i Paris, og har studert med Jean Sulem, Jesse Levine og Tabea Zimmermann. Han har mottatt ei rekke høgthengande prisar, inkludert førstepris i William Primrose-konkurransen i 2001 og ARD Internasjonale musikkonkurranse i 2004, og Credit Suisse Young Artist Award i 2008. I 2022 fekk han den prestisjetunge Hindemith Prize of the City of Hanau, som blir delt ut kvart tredje år. Tamestit fekk prisen for å bidraget sitt til samtidsfeltet innanfor den klassiske musikken.

Antoine Tamestit spelar på den aller første bratsjen laga av Antonio Stradivari i 1672. Instrumentet er sjenerøst utlånt frå stiftinga Habisreutinger.

Les meir

Festival forestillinger i 2024

György Kurtág: Ligatura—Message to Frances‐Marie (the Answered Unanswered Question), op. 31b
Adrien Jurkovic, Thomas Descamps (fioliner), Victor Julien-Laferrière, Simon Iachemet (celloer), Leif Ove Andsnes (piano)

Robert Schumann: Fantasistykker, op. 73
Wenzel Fuchs (klarinett), Leif Ove Andsnes (piano)

György Kurtág: Utvalg fra Játékok og Jelek, játékok és üzenetek
Leif Ove Andsnes (piano), Antoine Tamestit (bratsj)

György Kurtág: Omaggio a Luigi Nono, op. 16
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

Robert Schumann: Gute Nacht, Op. 59 No.
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

PAUSE

Robert Schumann: Pianokvartett i ess-dur, op. 47
Zlata Chochieva (piano), Vilde Frang (fiolin), Antoine Tamestit (bratsj), Victor Julien-Laferrière (cello)

György Kurtág: Hommage à R. Sch., op. 15d
Wenzel Fuchs (klarinett), Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Schubert: Gesang der Geister über den Wassern, D.714
Det Norske Solistkor (mannsstemmer), Grete Pedersen (dirigent), Antoine Tamestit, Raphaël Pagnon (bratsj), Victor Julien-Laferrière, Simon Iachemet (celloer), Christian Henriksen (kontrabass)

Béla Bartók: Strykekvartett nr. 6 i d-moll, Sz. 114
Quatuor Agate

PAUSE

Wolfgang Amadeus Mozart: Klarinettkvintett, K. 581
Wenzel Fuchs (klarinett), Quatuor Agate

Johann Sebastian Bach: Sonate for viola da gamba og cembalo nr. 1 in G-dur, BWV 1027
Antoine Tamestit (bratsj), Masato Suzuki (cembalo)

Johann Sebastian Bach: Utvalg av kanoner fra Das Musikalische Opfer, BWV 1079
Masato Suzuki (cembalo), Barokkorkester

Johann Sebastian Bach: Sonate for viola da gamba og cembalo nr. 3 i g-moll, BWV 1029
Antoine Tamestit (bratsj), Masato Suzuki (cembalo)

PAUSE

Johann Sebastian Bach: Utvalg av kanoner fra 14 kanoner, BWV 1087
Masato Suzuki (cembalo), Barokkorkester

Johann Sebastian Bach: Sonate for viola da gamba og cembalo nr. 2 in D-dur, BWV 1028
Antoine Tamestit (bratsj), Masato Suzuki (cembalo)

Franz Liszt: Consolations nr. 2, 3, & 6
Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Elegi nr.1, S.130b
Victor Julien-Laferrière (cello), Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Die Zelle in Nonnenwerth (Elegi), S.382
Florian Donderer (fiolin), Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Romance oubliée, S.132
Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Johann Sebastian Bach / Franz Liszt: Fantasy and Fugue, S.463
Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Consolations nr. 2, 3, & 6
Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Elegi nr.1, S.130b
Victor Julien-Laferrière (cello), Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Die Zelle in Nonnenwerth (Elegi), S.382
Florian Donderer (fiolin), Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Romance oubliée, S.132
Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Johann Sebastian Bach / Franz Liszt: Fantasy and Fugue, S.463
Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Consolations nr. 2, 3, & 6
Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Elegi nr.1, S.130b
Victor Julien-Laferrière (cello), Zlata Chochieva (piano)

Franz Liszt: Die Zelle in Nonnenwerth (Elegi), S.382
Florian Donderer (fiolin), Leif Ove Andsnes (piano)

Franz Liszt: Romance oubliée, S.132
Antoine Tamestit (bratsj), Leif Ove Andsnes (piano)

Johann Sebastian Bach / Franz Liszt: Fantasy and Fugue, S.463
Zlata Chochieva (piano)

György Kurtág: Fra Játékok: Aus der Ferne
Leif Ove Andsnes (piano)

Jon Fosse: Er det ei meining over desse tinga. Utdrag.
Arnhild Litleré

J. S. Bach/Kurtág: Koralpreludium: Aus tiefer not schrei ich zu dir, BWV 687
Zlata Chochieva (piano), Leif Ove Andsnes (piano)

Refaat Alareer: Om eg må døy
Arnhild Litleré

J. S. Bach: Fra Partita Nr.2 i d-moll, BWV 1004: Sarabande
Florian Donderer (fiolin)

Paul Celan/Olav H. Hauge: Dødsfuge
Arnhild Litleré

László Weiner: Adagio fra serenade for stryketrio
Florian Donderer (fiolin), Antoine Tamestit (bratsj), Victor Julien-Laferrière (cello)

Åse Marie Næsse: Men du syng
Arnhild Litleré

J. S. Bach/Bartók: Lento fra triosonate i G-dur, BWV 530
Zlata Chochieva (piano)

J. S. Bach/Rachmaninov: Prelude fra partita for solofiolin i E-dur BWV 1006
Zlata Chochieva (piano)

Brynjulf Jung Tjønn: Fred
Arnhild Litleré

Ruth Wilhelmine Meyer: Trinity
Ruth Wilhelmine Meyer (stemme), Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent)

PAUSE

Arnljot Eidslott: Stabat Mater
Arnhild Litleré

Franz Liszt: Via Crucis, S.53
Det Norske Solistkor, Grete Pedersen (dirigent), Leif Ove Andsnes (piano) - Einleitung. Vexilla Regis ("O Crux, Ave!") - Statjon I. Jesus er dømt til døden - Statjon II. Jesus bærer sitt kors - Statjon III. Jesus faller for første gang - Statjon IV. Jesus møter sin hellige mor - Statjon V. Simon av Kyrene hjelper Jesus å bære korset - Statjon VI. Sancta Veronica ("Å hode, fullt av blod og sår") - Statjon VII. Jesus faller for andre gang - Statjon VIII. Kvinnene i Jerusalem ("Nolite flere super me, sed super vos ipos et super filios vestros") - Statjon IX. Jesus faller for tredje gang - Statjon X. Jesus er avkledd - Statjon XI. Jesus vil bli korsfestet ("Crucifige") - Statjon XII. Jesus dør på korset ("Eli, Eli, lamma Sabacthani") - Statjon XIII. Jesus blir tatt til korset - Statjon XIV. Jesus blir lagt i graven ("Ave Crux, spes unica") Solister: Pilatus: Olle Holmgren Jesus: Øystein Stensheim Mari Askvik, alt