Rosendal Kammermusikkfestival 2024

Alexander Aga Røynstrand

Biografi

Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøvarane på hardingfele i landet, og kan smykka seg med tittelen meisterspelemann. På Landskappleiken i 2019 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal.

Det musikalske uttrykket hans byggjer på det tradisjonelle hardingfelerepertoaret i Hardanger, med Knut Hamre og Anders Kjerland som dei fremste ideala. Han har likevel gjennom mange år som solo hardingfelespelar funne fram til personlege tolkingar, og er særs oppteken av kva han ynskjer å formidla gjennom musikken.

Ambisjonane til Alexander er å kunna leva av og arbeida som soloutøvar på hardingfele, og soleis også kunna vidareføra Hardanger-tradisjonen til dei neste generasjonane. Han ynskjer òg å leggja til rette for at flest mogeleg vert eksponert for folkemusikk og at alle veit om denne fantastiske musikken og tek ulike typar publikum som ei gledeleg utfordring. Alexander er klar over at han aldri kjem til å kunna bli ferdig med å utforska tradisjonen sin og å vidareutvikla sine eigne tankar kring både tradisjonen og sitt eige musikalske uttrykk. Dette ser han på som ein stor motivasjon for å halda fram som musikar.

Les meir

Festival forestillinger i 2024

Ruth Wilhelmine Meyer: Slåttesångar
Ruth Wilhelmine Meyer (stemme), Alexander Aga Røynstrand (hardingfele)

Béla Bartók: Duoer
Florian Donderer, Adrien Jurkovic, Thomas Descamps (fioliner)

Ruth Wilhelmine Meyer: Slåttesångar
Ruth Wilhelmine Meyer (stemme), Alexander Aga Røynstrand (hardingfele)

Béla Bartók: Duoer
Florian Donderer, Adrien Jurkovic, Thomas Descamps (fioliner)