Her får du ei arbeidserfaring utanom det vanlege! Du får læra å arbeida sjølvstendig, ta ansvar, vera effektiv, samarbeida med andre, yta god service til gjestene våre og ta godt i mot artistar. Supernyttig erfaring å få med seg på CVen!
Vi passar også på å ha det gøy saman, og vi har eit fantastisk sosialt miljø i herlege omgjevnadar her mellom fjord, fonn, fjell og fossefall.
Her får du ein sommar du ikkje kjem til å gløyma, med opplevingar og vener for livet!
Vi ynskjer både «gamle» og nye velkomen til å søke!
Inne på Slottet, i Drivhuset, i Riddersalen, Avlsgård & Fruehus: Du kan få jobba heile sommaren, eller kortare periodar på minimum 3 veker.
Vi har ope frå 1.mai – 31.august.
I tillegg kjem ei kjekk og obligatorisk bli kjent- og opplæringshelg for alle 5.-6. april.
Døme på arbeidsoppgåver
Hagearbeid: perioden mars-september, samt ekstra folk i kortare periodar i juni, juli og august.
Dersom du har moglegheit til å jobba i helgar i april, mai, juni, august og september, er det fint om du tar dette med i søknaden din. Vi ser helst at du er over 18 år, men søk gjerne sjølv om du er yngre.
Husk å søkja her innan 31. januar, vi gler oss! 🙂