Overnatting med frukost og tilbod om 3-rettars middag i sesongen på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (husk å bestilla bord). Enkel, men komfortabel overnattingsstad med 24 rom og 40 senger fordelt på Rosendal Avlsgård og Fruehuset frå mai til september. Velkommen! Baroniet Rosendal Avslgård & Fruehus er gamle og sjarmerande bygg, med trapper til alle rom. Det er derfor dessverre ikkje egna handikaprom tilgjengeleg hos oss.
Rosendal Avlsgård
Overnatting med frukost og tilbod om 3-rettars dagens middag i romantiske omgjevnader i sesongen. Enkel, men komfortabel overnattingsstad i originale hus frå 1850 med 23 rom og 40 senger. Rosendal Avlsgård har 5 enkeltrom og 9 dobbeltrom, på Fruehuset er det 2 enkeltrom og 6 dobbeltrom. På enkelte rom kan vi setja inn ekstrasenger.
Fruehuset ligg på den andre sida av jordet, nede ved elva. Same type rom som på Avlsgården i autentisk 1800-talshus, med romantisk innreiing og delt dusj og toalett på gangen. Her er ein koseleg og solrik liten hage framfor huset, skjerma frå turisttrafikken.
Frukost er i Storakjøkenet på Avlsgården, ein fin liten 300 meters spasertur langs elva. Gje gjerne beskjed når du bestiller kvar du helst vil bu.
Frukost blir servert ved bålet i grua i Storakjøkenet på Rosendal Avlsgård. Enkelt utval, med vekt på god, autentisk, kortreist og heimelaga mat.
Dagens 3-rettars middag i Ridderstuen vert servert på utvalde dagar i hovudsesongen (ca. 1. juli til 5. august kvart år). Middag må bestillast i forkant. Set deg på venteliste når du bestiller rom, så tek vi kontakt med deg når opphaldet ditt nærmar seg.
Lågsesong (18. mai – 23. juni og f.o.m. 22. august) / Høgsesong (24. juni – 21. august):
Dobbeltrom med frukost | frå kr. 1890,- / 1990,- |
Enkeltrom med frukost | frå kr. 1490,- / 1590,- |
Ekstraseng på dobbeltrom med frukost | barn frå kr. 250,- / Voksne kr. 500,- |
Ekstraseng på enkeltrom med frukost | frå kr. 500,- |
Frukost for eksterne gjester | frå kr. 150,- |
Middag på Gården | frå kr 690,- |
Lunsj i Hagecaféen før 16.00 for forhåndsbestilte grupper | frå kr 290,- / 349,- |
Det er fleire moglegheiter for seminar på Avlsgården. Ta gjerne kontakt på info@baroniet.no for meir informasjon.
Ønskjer du å gje bort gåvekort på opphald på Rosendal? Sjå kulturprogrammet for kombinasjonsbillettar med overnatting, 3-retters middag i Havestuen og kulturarrangement dersom du ynskjer ein spesiell dato eller eit spesielt arrangement.
Du kan også kjøpa gåvekort for overnatting og servering her som ikkje er låst til ein bestemt dato, konsertbillettar med middag Ridderstuen er tilgjengeleg under kvart enkelt arrangement, sjå kulturkalenderen.
Gåvekort overnatting med frukost, middag og konsert
Stamherre til Rosendal Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone (1823-1896) oppretta i 1850- åra Rosendal Avlsgard som eit mønsterbruk for sau og hest. Drifta fikk stor betydning for jordbruksreisinga og avlsarbeidet i distriktet. I 1875 vart ”Rosendal Høiere Almue Skule” etablert. Undervisinga vart finansiert av Stamherren, som sjølv underviste i framande språk, historie, fysikk og geografi.
Fruehuset vart bygd rundt 1860 til presteenka Karen Unger og døtrene Pauline, Bolette og Nanna. Nanna vart seinare gift med Hans E. Kinck, medan dei tre einslege kvinnene vart buande der under Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrones vern til sin død. Huset fekk etterkvart namnet Fruehuset etter enkefru Karen Unger. Marcus Gerhard og søskena fikk eit spesielt forhold til sokneprest Elias B. Unger på Malmanger prestegard, og prestedottera Kathinka vart Marcus Gerhard sin store kjærleik i livet. Dessverre døydde Kathinka i 1853, berre 18 år gammal. Etter at Kathinka døydde fann ikkje Marcus Gerhard kjærleiken på ny.
Du kan lesa meir om Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone sitt store livsverk i Rosendal i jubileumsboka frå 1996: Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone 1823-1896, Baroniet Rosendal.