Baroniet Rosendal sin kjøkensjef byr på alt frå kaffi og kaker i Thee & Caffesalongen og enkle lunsjretter i Rosendal Drivhus, til tre eller femretters gourmetmiddag i Den Blå Sal (kun for grupper). Alle menyar er bygde rundt friske råvarer frå den nyrestaurerte kjøkken- og urtehagen i Rosendal Have. Friske råvarer vert hausta dagleg gjennom heile sesongen.
Hagecaféen byr på deilig lunsj med friske råvarer frå kjøken- og urtehagen, samt utvalde lokale produsentar frå Rosendalsområdet.
Ein kan sitja innandørs i Hagecaféen, under glastak i drivhuset med utsikt mot Slottet frå 1665 med Malmangernuten i bakgrunnen, eller ute i sola når vêret er fint. Friske råvarer fra kjøkken- og urtehagen vert hausta dagleg gjennom heile sesongen, og pregar menyane i Rosendal Drivhus.
NB! Ingen bordreservasjon, med unntak av grupper over 12 personer som forhåndsbestiller meny.
Den gamle Havestuen på slottet inneheld i dag ein liten café med servering av kaffe, te og heimebakte kaker. Her har vi òg eit lite utval av souvenirar.
Dersom du overnattar på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus vil vi, så sant vi kan, tilby 3-retters middag. Du kan setje deg på venteliste for middag når du reserverer rom, og vil bli kontakta i forkant av opphaldet ditt.
Gamlakjøkenet og Borgstovo er tenarfløyen på Slottet frå 1665. Grupper kan få servert kaffi og kaker med tente lys på langbord og fyr på grua i Gamlakjøkenet. Her kjem også barnehagebarn frå Rosendalsområdet på julefest nett som i gamledagar.