Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Overnatting

Overnatting med frukost og tilbod om 3-rettars middag i sesongen på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus (husk å bestilla bord). Enkel, men komfortabel overnattingsstad med 24 rom og 40 senger fordelt på Rosendal Avlsgård og Fruehuset. Velkommen!

Les meir

Restaurantar

Baroniet Rosendal byr på alt frå kaffi og kaker i Thee & Caffesalongen og enkle lunsjretter i Rosendal Drivhus, til tre eller femretters middag i Ridderstuen på Avlsgården. Råvarer frå kjøkken- og urtehagen i Rosendal Have.

Les meir

Fjordcruise

Fjordcruisepakke med båt frå Bergen og Os til Rosendal. Her får du gode grupperabattar på både båtturen t/r, entré med omvising og 2-rettars lunsj i Rosendal Havecafé. Entré Rosendal Have og kunstutstilling. Turen kan lett utvidast med overnatting: returbilletten er gyldig i 14 dagar!
Denne pakken er kun tilgjengeleg i mai - august. Billettar for 2025 vert lagt ut våren 2025.

Les meir

Kulturprogram

Gåvekort og årskort

01.05.25 - 30.09.25, Baroniet Rosendal

Gavekort kan nyttast på alle Baroniet Rosendal sine arrangement sesongen 2025.
- Kulturprogram for 2025 blir offentleggjort fortløpande

Årskort for sesongen 2025: enkeltperson eller familiekort.
Gunstige prisar om du kjøper årskort før sesongopning 1.mai 2025:
Kr 230 for enkeltperson (kr 490 etter 1.mai 2025)
Kr 450 for familie (kr 680 etter 1.mai 2025)

Sesongopning

01.05.25 16:00 - 19:30, Riddersalen

Program:
Kl. 16.00 utstillingsopning i slottets vinkjellar
Hanne Borchgrevink, maleri. Introduksjon ved Gunnar Danbolt
Kl.18.00 konsert i Riddersalen
Offisiell opning av sesongen. Konsert ved Leif Ove Andsnes, klaver

Finn Tokvam

06.06.25 19:00 - 06.06.25 20:30, Riddersalen

Finn Tokvam er blitt kalla inkarnasjonen av Vestlandet. Den varme og folkekjære artisten har hatt stor suksess med si første soloforestilling - Velkomen. No kjem han endeleg til Rosendal! Finn er full av underfundige historiar, musikk og humor, presentert på hans heilt særeigne vis.

En kveld med Karoline og Sigvart

04.07.25 19:00 - 05.07.25 20:30, Riddersalen

Det beste av det dei har gjort kvar for seg - og saman - samt eit godt dryss av både Stavanger- og Bergenshumor.

Elle melle

11.07.25 19:00 - 11.07.25 20:30, Riddersalen

elle melle består av Odd Erik Ognedal, Svein Hyttebakk og Jon Konrad Strøm. Dei fleste vil kjenna att låtar som Frokost På Kafe, Ikkje Vekk Meg Når Du Går, På Denne Tiå Her I Fjor, Du Sko Vært Her Nå, Ser Du Då At Eg E Din, og ikke minst klassikaren Himmelhøge Sti.

Jonas Alaska med band

17.07.25 19:00 - 17.07.25 20:30, Riddersalen

Jonas Alaska er ein av sin generasjon sine sterkaste låtskrivarar her i landet, og står bak minneverdige låtar som «October», «If Only as a Ghost», «In The Backseat» og «Morning Light». Han var trippel Spellemannominert for sitt debutalbum, og har sidan den gong sleppt fem album som alle har fått strålande mottaking, både i og utanfor Norge.

Eva Weel Skram

18.07.25 19:00 - 18.07.25 20:30, Riddersalen

Med songar som «Om du vil», «Selmas sang» og nyleg «Vendepunkt» har Eva Weel Skram vorte ein av våre mest folkekjære artistar. Skram sitt tredje norskspråklege album, Vendepunkt, har fått flotte omtalar.

Bjørn Eidsvåg med band

21.07.25 19:00 - 22.07.25 20:30, Riddersalen

Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkhistorie, og er ein artist svært mange av oss har eit sterkt forhold til. I 2024 fylte han 70 år, og vart overraska i Oslo Spektrum av 5000 vener, kollegaer og fans med overraskingskonserten «Ingen vei tilbake» som vart sendt på NRK1. Vi gler oss til han kjem attende til Rosendal.

Øystein Greni

23.07.25 19:00 - 23.07.25 20:30, Riddersalen

Øystein Greni kjem til Rosendal med sin Bigbang solo. I kjølvatnet av Bigbang sitt nye album “Le Californie” og mellom to travle festivalsomrar, tek Øystein Greni det ned eit par hakk med Bigbang i soloformat.
Etter ei lang karriere som bandleiar og låtskrivar har Greni ein backkatalog som få andre, fylt med låtar og gitarriff som vil leva evig i norsk musikk. Denne kvelden får du oppleva mange av Bigbang sine klassikarar i Riddersalen, nært og akustisk.

Ingebjørg Bratland

25.07.25 19:00 - 25.07.25 20:30, Riddersalen

Ingebjørg har mest av alt blitt kjent for å tolka eigne og andre sine songar på sin eigen unike måte. Låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg», «Ljos», «Stjernene» (med Lars Vaular), «Vintersong», «Bror», «Di Ingebjørg» har gjeve ho ein plass i den norske folkesjela.

Vamp

01.08.25 19:00 - 20:30, Riddersalen

Vamp har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har truffe den norske folkesjela.
I august 2025 kjem dei tilbake til Baroniet Rosendal for nye store musikalske opplevingar i Riddersalen.

Rosendal Kammermusikkfestival 2025

06.08.25 19:30 - 10.08.25 16:00, Riddersalen

Festivalpakkar vert lagt ut for sal i desember.
Billettar til konsertane under Rosendal Kammermusikkfestival 2025 vert lagt ut for sal i februar.