Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Slottet frå 1665

Slottet frå 1665

Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve, og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet sto ferdig i 1665.

Eit besøk på Baroniet Rosendal er ei vandring gjennom ulike stilepokar frå 1665 til slik dei siste eigarane forlet det i 1927.
Les meir
Rosendal Have

Rosendal Have

Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt sitt vesle slott frå 1660-åra er omgjeven av eit vakkert og historisk hageanlegg med 300 år gamal renessansehage med eit vell av roser, romantisk landskapspark frå 1850- åra, og Kjøken & Urtehage med urter, blomar, grønsaker, frukt og bær.

Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilretningar og motar innanfor hagekunsten. Her kan du oppleva over 300 år med hagehistorie!
Les meir

Kunstutstilling 1.mai – 31.august 2025

Borchgrevink er ein av våre markante billedkunstnarar. Ho målar hus, særeigne og mangetydige hus. Tilsynelatande enkle og naivistiske, men ved nærare bekjentskap er Hannes hus sterke, levande og langt frå ukompliserte.
Hanne Borchgrevink er utdanna ved Statens kunstakademi, og Statens håndverks- og kunstindustriskole. Ho har delteke på ei rekke kollektivutstillingar, hatt mange separate utstillingar i inn- og utland. Ho er innkjøpt i sentrale private og offentlege samlingar i Noreg og utlandet.

Les meir

Overnatting

Velkomen til overnatting på godset Baroniet Rosendal!
Til fortida i notida. Til eventyret i verkelegheita. Til gjestfriheit, ro og unike natur- og kulturopplevingar i freda omgjevnader.
Vakn opp til soloppgong over breen mellom dei høgreiste fjella som ruver i vill, frodig og luftig Vestlandsnatur.
På Avlsgarden og i Fruehuset tilbyr vi romantisk overnatting med frukost i freda bygningar, der du sovnar til den svevnige lyden frå den mektige Hattebergsfossen.
Rik på inntrykk, opplevingar og minner, forlèt du fortida og eventyret i eigen bil, båt eller med daglege buss og skyssbåtturar til og frå Bergen.
Du legg att litt av hjartet ditt etter eit besøk ved Baroniet Rosendal, ei lengsle som vil bringe deg tilbake – derfor helsar vi deg alltid på gjensyn og velkomen attende!

Les meir

Restaurantar

Baroniet Rosendal byr på alt frå kaffi og kaker i Thee & Caffesalongen og enkle lunsjretter i Rosendal Drivhus, til tre eller femretters middag i Ridderstuen på Avlsgården. Råvarer frå kjøkken- og urtehagen i Rosendal Have.

Les meir

Kulturprogram

Gåvekort og årskort

01.05.25 - 30.09.25, Baroniet Rosendal

Gavekort kan nyttast på alle Baroniet Rosendal sine arrangement sesongen 2025.
- Kulturprogram for 2025 blir offentleggjort fortløpande

Årskort for sesongen 2025: enkeltperson eller familiekort.
Gunstige prisar om du kjøper årskort før sesongopning 1.mai 2025:
Kr 230 for enkeltperson (kr 490 etter 1.mai 2025)
Kr 450 for familie (kr 680 etter 1.mai 2025)

Sesongopning 2025

01.05.25 16:00 - 19:30, Riddersalen

Program:
Kl. 16.00 utstillingsopning i slottets vinkjellar
Hanne Borchgrevink, maleri. Introduksjon ved Gunnar Danbolt
Kl.18.00 konsert i Riddersalen
Offisiell opning av sesongen. Konsert ved Leif Ove Andsnes, klaver

Hageseminar – Nyttehagetradisjon i Rosendal Have

24.05.25 10:00 - 24.05.25 16:00, Rosendal Have / Riddersalen

Baroniet Rosendal har gleda av å invitera til eit spanande hageseminar våren 2025, der vi dykker ned i 350 år med nyttehagetradisjon i Rosendals Have. Professor Annegreth Dietze, Baroniet sin forskar og professor i hagekunsthistorie ved NMBU, vil leie dagen og gje eit unikt innblikk i hagens utvikling.

Finn Tokvam

06.06.25 19:00 - 06.06.25 20:30, Riddersalen

Finn Tokvam er blitt kalla inkarnasjonen av Vestlandet. Den varme og folkekjære artisten har hatt stor suksess med si første soloforestilling - Velkomen. No kjem han endeleg til Rosendal! Finn er full av underfundige historiar, musikk og humor, presentert på hans heilt særeigne vis.

Historisk seminar – Kvinnene på Rosendal

14.06.25 12:30 - 15.06.25 16:00, Riddersalen

Bli med på ei spennande reise gjennom historia laurdag 14. juni, når Baroniet Rosendal inviterer til ein innhaldsrik dag med temaet Kvinnene på Rosendal. Her får du høyra om sterke kvinner som har sett sitt preg på historia, fortalt av leiande ekspertar på feltet.

En kveld med Karoline og Sigvart

04.07.25 19:00 - 05.07.25 20:30, Riddersalen

Det beste av det dei har gjort kvar for seg - og saman - samt eit godt dryss av både Stavanger- og Bergenshumor.

Elle melle

11.07.25 19:00 - 11.07.25 20:30, Riddersalen

elle melle består av Odd Erik Ognedal, Svein Hyttebakk og Jon Konrad Strøm. Dei fleste vil kjenna att låtar som Frokost På Kafe, Ikkje Vekk Meg Når Du Går, På Denne Tiå Her I Fjor, Du Sko Vært Her Nå, Ser Du Då At Eg E Din, og ikke minst klassikaren Himmelhøge Sti.

Ketil Bjørnstad – klaver

13.07.25 19:00 - 13.07.25 20:30, Den Røde Sal, Baroniet Rosendal

Bjørnstad kjem med ny solo piano-plate våren 2025, albumet har namnet « Evening Song.»
Som Ketil Bjørnstad sjølv seier; Solo-konsertane har alltid vore grunnlaget for min musikalske karriere.
Dei markerer byrjinga og slutten. Aleine med flygelet oppstår det ei særeigen og nær kontakt med publikum som påverkar dei musikalske valga undervegs.

Jonas Alaska med band

17.07.25 19:00 - 17.07.25 20:30, Riddersalen

Jonas Alaska er ein av sin generasjon sine sterkaste låtskrivarar her i landet, og står bak minneverdige låtar som «October», «If Only as a Ghost», «In The Backseat» og «Morning Light». Han var trippel Spellemannominert for sitt debutalbum, og har sidan den gong sleppt fem album som alle har fått strålande mottaking, både i og utanfor Norge.

Eva Weel Skram

18.07.25 19:00 - 18.07.25 20:30, Riddersalen

Med songar som «Om du vil», «Selmas sang» og nyleg «Vendepunkt» har Eva Weel Skram vorte ein av våre mest folkekjære artistar. Skram sitt tredje norskspråklege album, Vendepunkt, har fått flotte omtalar.

Bjørn Eidsvåg med band

21.07.25 19:00 - 22.07.25 20:30, Riddersalen

Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkhistorie, og er ein artist svært mange av oss har eit sterkt forhold til. I 2024 fylte han 70 år, og vart overraska i Oslo Spektrum av 5000 vener, kollegaer og fans med overraskingskonserten «Ingen vei tilbake» som vart sendt på NRK1. Vi gler oss til han kjem attende til Rosendal.

Øystein Greni

23.07.25 19:00 - 23.07.25 20:30, Riddersalen

Øystein Greni kjem til Rosendal med sin Bigbang solo. I kjølvatnet av Bigbang sitt nye album “Le Californie” og mellom to travle festivalsomrar, tek Øystein Greni det ned eit par hakk med Bigbang i soloformat.
Etter ei lang karriere som bandleiar og låtskrivar har Greni ein backkatalog som få andre, fylt med låtar og gitarriff som vil leva evig i norsk musikk. Denne kvelden får du oppleva mange av Bigbang sine klassikarar i Riddersalen, nært og akustisk.

Kari Bremnes duo

24.07.25 19:00 - 24.07.25 20:30, Riddersalen, Baroniet Rosendal

Kari har dei siste åra stort sett halde konsertar med heile bandet sitt. Men innimellom held ho nokre få, eksklusive konsertar i duoformat med Bengt Hanssen på tangentar. Han er òg produsent for Karis utgjevingar.

"I duoen ønskjer vi å ivareta mykje av det dynamiske spennet i musikken, sjølv om vi berre er to på scena," seier Kari. Ved hjelp av eit ganske omfattande keyboardoppsett gjev vi publikum ei større lydverda enn i eit klassisk duoformat. Det trur vi både songane og konsertane har godt av.

I tillegg til Kari og Bengt er lydmann Geir Østensjø ein sentral medmusikant i besetninga.

På desse konsertane vil publikum få høyre eit breitt utval av songar frå heile katalogen hennar.

Ingebjørg Bratland

25.07.25 19:00 - 25.07.25 20:30, Riddersalen

Ingebjørg har mest av alt blitt kjent for å tolka eigne og andre sine songar på sin eigen unike måte. Låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg», «Ljos», «Stjernene» (med Lars Vaular), «Vintersong», «Bror», «Di Ingebjørg» har gjeve ho ein plass i den norske folkesjela.

Vamp

01.08.25 19:00 - 20:30, Riddersalen

Vamp har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har truffe den norske folkesjela.
I august 2025 kjem dei tilbake til Baroniet Rosendal for nye store musikalske opplevingar i Riddersalen.

Rosendal Kammermusikkfestival 2025

06.08.25 19:30 - 10.08.25 16:00, Riddersalen

Program til Rosendal Kammermusikkfestival 2025 vert lagt ut 18.februar kl 18:00.
Festivalpakkar og billettar til konsertane vert lagt ut for sal 19.februar 2025 kl 09:00

Much Ado About Nothing

29.08.25 19:00 - 29.08.25 21:00, Borggården, Baroniet Rosendal

MYKJE STÅK FOR INGENTING – Shakespeares tittel er like vittig og djupsindig som sjølve stykket han skildrar. Kven oppfører seg ikkje som ein narr når dei er forelska, og samtidig lir den største smerta? Denne gnistrande komedien verkar lett som ei fjør heilt til ho brått stuper ned og avdekkjer kjærleikens mørkare sider: svik, sjalusi og sjølve døden overveldar lettelege ordspel, og tragedien trugar. Då skiftar Shakespeare gir og slepp inn klovnane: ein herleg gjeng med udugelege politifolk reddar dagen. Slik sig kjærleiken til slutt med hjelp av bedrag.

Framsyninga vert presentert av TNT Theatre Britain og ADG Europe, som har blitt omtala som “den beste turnerande teatergruppa i verda” (China National TV, 2009).

1
Rosendal Kammermusikkfestival 2025

Rosendal Kammermusikkfestival 2025

Takk for ein fantastisk festival full av Kontraster i 2024! Vi har alt begynt å planlegga neste års festival:

Det blir fokus på Griegs fantastiske sanger, hans sterke forhold til Hardanger og mye mer...
Velkommen tilbake i 2025!

Leif Ove Andsnes

Hald av datoane alt no:
Onsdag 6. - søndag 10. august 2025

Les meir

Del dine opplevingar

Tusen takk for besøket i Rosendal. Del gjerne gode minne på Facebook og Instagram: #baroniet. Dersom det er noko du meinar vi bør forbetra oss på, set vi pris på om du kan tipsa med oss på epost info@baroniet.no.

Tusen takk for din omtale på Trip Advisor