Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus

Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus B&B overnatting i naturskjønne omgivelser.

Fruehuset, 300 meter frå Rosendal Avlsgård. Overnatting i romantiske omgjevnader med frukost i Storakjøkenet på Avlsgården med tente lys og fyr på grua.Overnatting med frukost og tilbod om 3-rettars dagens middag i romantiske omgjevnader i sesongen. Enkel, men komfortabel overnattingsstad i originale hus frå 1850 med 21 rom og 37 senger. Rosendal Avlsgård har 5 enkeltrom og 9 dobbeltrom, på Fruehuset er det 2 enkeltrom og 6 dobbeltrom. På enkelte rom kan vi setja inn ekstrasenger.

 

Felles for alle romma er:

  • frukost i Storakjøkenet på Avlsgården med levande ljos og fyr på grua
  • alle rom er røykfrie
  • dei aller fleste romma har vask, medan felles dusj og toalett finst på gangen
  • husdyr tillate dersom eigna rom er ledig, gje beskjed om evt. husdyr eller allergiar

 

Restaurant:

Dagens 3-rettars middag i Storakjøkenet i sesongen. Bordbestilling 53 48 29 99.

Servering av festmenyar for grupper mai til september i Storakjøkenet på Avlsgården eller i Den Blå Sal på 1600- tals slottet.

 

Prisar for overnatting på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus 2014:

  • Dobbeltrom med frukost kr. 980,-
  • Enkeltrom med frukost kr. 700,-
  • Ekstraseng born 4-16 år med frukost kr. 150,-
  • Ekstraseng vaksne med frukost kr. 250,-
  • Nistepakke med termos for overnattingsgjester kr. 75,-
  • Frukost for eksterne gjester kr. 100,-

Spesialprisar for universitet, høgskular og kulturinstitusjonar.

Booking

Bestill overnatting på epost info@baroniet.no eller telefon 53 48 29 99.

Ekstraseng: ta kontakt på info@baroniet.no eller telefon 53 48 29 99 slik at vi kan reservera eit rom der det er plass til 1 eller 2 ekstrasenger.
Storakjøkenet på Rosendal Avlsgård. Frukost og dagens 3-retters middag vert servert her med tente stearinlys og fyr på grua Dobbeltrom / familierom på Rosendal Avlsgård med to små "hemmelege" rom for barn! Dobbeltrom på Fruehuset, 300 meter frå Avlsgården. Frukost i Storakjøkenet på Avlsgården med tente lys og fyr på grua. Enkeltrom på Rosendal Avlsgård

 

Kurs og konferanse

Det er to seminarsalar på Avlsgården. Hovudsalen har plass til inntil 40 personar og er utstyrt med breiband, flipover, lysbildeframvisar, whiteboard, TV og video. Det er også eit grupperom som rommar ca. 10 -15 personar.

Konferansesalen på Rosendal Avlsgård med plass til inntil 40 personar. Grupperom på Rosendal Avlsgård med plass til inntil 15 personer

 

Gåvekort

Ønskjer du å gje bort gåvekort på opphald på Rosendal? Sjå kulturprogrammet for kombinasjonsbillettar med overnatting, 3-retters middag i Havestuen og kulturarrangement dersom du ynskjer ein spesiell dato eller eit spesielt arrangement.

Du kan også kjøpa gåvekort for overnatting og servering her som ikkje er låst til ein bestemt dato, konsertbillettar med middag i slottets Havestue er tilgjengeleg under kvart enkelt arrangement, sjå kulturkalenderen.

  • Gåvekorta er gyldige heile sesongen, slik at dato for opphald må avtalast med oss. Sjekk på førehand dersom du ynskjer ein spesiell dato. Ta med kvittering/gavekort, dette leverast inn ved ankomst hos oss. Dei kan evt. skjulast i ein nøytral konvolutt for mottakar.
  • Det er ikkje middagsservering alle dagar på Rosendal Avlsgård, og nokre dagar er middagen flytta til Havestuen på Slottet i samband med kulturarrangement.

 

Bestill gåvekort lettvint og trygt her:

Oversikt over ledige kulturbillettar heile sommaren 2014 (frå ca. 15. april)

Gåvekort overnatting med frukost, middag og konsert sommaren 2014

Gåvekort fjordcruise frå Bergen med overnatting sesongen 2014

  • NB: rom må bestillast på epost info@baroniet.no – oppgje at du har gåvekort (dette for å reservera rom på rett dato).
  • NB: eitt dobbeltrom = 2 personar med frukost
  • oppgje antal billetter og en epostadresse som billett(ane) kan sendast til
  • betal trygt med VISA eller MasterCard
  • inga ekstra billettavgift!
  • skriv ut billett(ane) på ein vanleg skrivar.

 

Historikk Rosendal Avlsgård

Stamhusbesitter Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone (1823-1896)Stamherre til Rosendal Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone (1823-1896) oppretta i 1850- åra Rosendal Avlsgard som eit mønsterbruk for sau og hest. Drifta fikk stor betydning for jordbruksreisinga og avlsarbeidet i distriktet. I 1875 vart ”Rosendal Høiere Almue Skule” etablert. Undervisinga vart finansiert av Stamherren, som sjølv underviste i framande språk, historie, fysikk og geografi.

Fruehuset vart bygd rundt 1860 til presteenka Karen Unger og døtrene Pauline, Bolette og Nanna. Nanna vart seinare gift med Hans E. Kinck, medan dei tre einslege kvinnene vart buande der under Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrones vern til sin død. Huset fekk etterkvart namnet Fruehuset etter enkefru Karen Unger. Marcus Gerhard og søskena fikk eit spesielt forhold til sokneprest Elias B. Unger på Malmanger prestegard, og prestedottera Kathinka vart Marcus Gerhard sin store kjærleik i livet. Dessverre døydde Kathinka i 1853, berre 18 år gammal. Etter at Kathinka døydde fann ikkje Marcus Gerhard kjærleiken på ny.

Du kan lesa meir om Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone sitt store livsverk i Rosendal i jubileumsboka frå 1996: Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone 1823-1896, Baroniet Rosendal.