Biblioteket på Baroniet Rosendal

HansSager1705

Slottet frå 1665

I 1658 sto det bryllup mellom Noregs rikaste arving og ein stolt dansk adelsmann. Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz fekk garden Hatteberg i Kvinnherad i bryllupsgåve, og her bygde dei seg sitt vesle slott som dei kalla Rosendal. Slottet sto ferdig i 1665.

Kong Christian V av Danmark-Norge opphøga godset til Lensbaroni i 1678. Frå 1745 var Baroniet Rosendal eigd av slekta Rosenkrone, som i 1927 gav godset i gåve til Universitetet i Oslo.

Den Weis Rosenkroneske Stiftelse DWRS, tilknytta Universitetet i Oslo, har i dag eigaransvar for slottet, park, hage, husmannsplassen Treo, Fruehuset og Avlsgården med det omkringliggjande kulturlandskapet.

 

Guida omvising i herskapsetasjen

Den Røde Sal, innreia i nyrokokko i 1856 til ære for besøket av Prins Carl (1826 – 1872), seinare Kong Carl IV av Sverige-Norge (i Sverige Carl XV).Eit besøk på Baroniet Rosendal er ei vandring gjennom ulike stilepokar. Rom og salar er forma av ulike eigarar gjennom 250 år, og slottet er framleis bevart som ein heim slik dei siste eigarane forlet det i 1927.

Statthaldarkammeret, det einaste fullstendig bevarte rom i Noreg frå 1600- talet, er kledd med franske tekstiltapet frå 1660-åra. Denne tekstiltapeten er det einaste tapetet i sitt slag som enno heng oppe.

I Spisesalen kan ein beundra noko av det eldste Meissen og Kongeleg Dansk stråmønsterporselen som finst i Norge.

I Den Røde Sal møter ein det vakre og storslagne i norsk natur, skildra av dei fremste norske landskapsmålarane frå nasjonalromantikken. Her er måleri av J.C.Dahl, H.F.Gude, M.Møller, A.Askevold, m.fl. Her finst også eit kvinneportrett av Edvard Munch frå 1880-åra.

Den Gule Sal er innreia i norsk empirestil, med noko av det mest verdifulle empire- møblementet i landet. Møblane er laga av Abraham Bøe frå Bergen kring 1820.

Ludvig Rosenkrantz (1628-1685) og Karen Mowat (1630-1675). Gifta seg i 1658, og deira vesle slott i Rosendal sto ferdig i 1665. Biblioteket, Stattholderkammeret, er det eldste bevarte rommet på Slottet med originale tekstiltapeter.  Det Pompeiianske Rom. Friser av Bertel Thorvaldsen (1770 - 1844). Den Blaa Sal. En del av den tidligere Riddersalen, etter begynnelsen av 1800- tallet herskapets spisesal. Den Gule Sal. Norsk empire. Eitt av dei best bevarte empiremøblementa i Norge i dag, laga av Abraham Bøe i Bergen i 1825.

Sjå film om Slottet frå 1665 og Rosendal Have