RosehageSlide

Renessansehagen på Rosendal - best kjent som rosehagen - med utsikt over Hardangerfjorden

Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt sitt vesle slott frå 1660-åra er omgjeven av eit vakkert og historisk hageanlegg med renessansehage, romantisk landskapspark og kjøkenhage. Frå Rosendals Have er det storfelt utsyn mot Malmangernuten, Melderskin, Laurdalstind, Hattebergfossen og Hardangerfjorden. Hagen er bygd opp over fleire hundre år med skiftande stilretningar og motar innanfor hagekunsten. Her kan du oppleva over 300-år med hagehistorie!

 

Bløming store deler av året

Blåregn (Wisteria) i sørveggen på Slottet frå 1665 i Rosendal HaveFrå dei fyrste snøklokkene dukkar opp i januar, er det bløming store delar av året. Våren er vakker med fruktbløming, tulipanar, påske- og pinseliljer. Tidleg på sommaren kjem den vakre blåregnen (Norges største Wisteria sinensis?), som dekkjer sørveggen på slottet med sine vakre blå blomerankar. I juni blømer rhododendron og asalea i mange ulike fargar. I juli kjem rosene for fullt og dei blømer til langt utover hausten. Rosehagen er avgrensa mot vest av ein over 300-år gamal buksbomhekk. Den er ein rest av innhaldet frå den gamle renessansehagen til Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt.

 

Renessansehagen og landskapsparken

Rosendal Have: Renessansehage med labyrintmønster og et vell av roser, viktoriansk landskapspark og økologisk kjøkken- og urtehage med grønnsaker, urter, frukt og bærDen praktfulle Rosehagen, med det kvitkalka slottet og fjella i bakgrunnen, er eit vakkert syn for alle som kjem for å oppleva slottet, hagen og landskapet.

Det over 60 mål store hageanlegget spenner frå rosehagen med parterremønster frå renessansen til Victoriansk landskapspark frå rundt 1850, og den nyrestaurerte kjøken- og urtehagen.

Det er fint å vanda på eiga hand i Rosendal Hage eller få hageomvising med guide (kun på bestilling).

 

Husmannsplassen Treo

Husmannsplassen Treo i utkanten av Rosendal HaveHusmannsplassen Treo er i dag ein del av museet Baroniet Rosendal. Treo har historie attende til 1840- åra og var tidlegare ein husmannsplass under Baroniet Rosendal. Treo ligg vakkert til mellom landskapsparken og Hattebergselva, i kort gåavstand frå slottet. Treo har ulike funksjonar samla i ein bygning, som stove, løe med smalehus, flor og hønsehus.

Husmannsplassen er nyleg restaurert til slik det var då den siste familien budde der i 1930- åra. Dette er gjort ut frå eit ynskje om å visa livet på ein husmannsplass og syna det sosialhistoriske biletet for dei besøkjande.