Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Hjem Kulturprogram

Kulturprogram 2025

Bjørn Eidsvåg med band

22.07.25 19:00 - 20:30, Riddersalen

Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkhistorie, og er ein artist svært mange av oss har eit sterkt forhold til. I 2024 fylte han 70 år, og vart overraska i Oslo Spektrum av 5000 vener, kollegaer og fans med overraskingskonserten «Ingen vei tilbake» som vart sendt på NRK1. Vi gler oss til han kjem attende til Rosendal.

Øystein Greni

23.07.25 19:00 - 20:30, Riddersalen

Øystein Greni kjem til Rosendal med sin Bigbang solo. I kjølvatnet av Bigbang sitt nye album “Le Californie” og mellom to travle festivalsomrar, tek Øystein Greni det ned eit par hakk med Bigbang i soloformat.
Etter ei lang karriere som bandleiar og låtskrivar har Greni ein backkatalog som få andre, fylt med låtar og gitarriff som vil leva evig i norsk musikk. Denne kvelden får du oppleva mange av Bigbang sine klassikarar i Riddersalen, nært og akustisk.

Kari Bremnes duo

24.07.25 19:00 - 20:30, Riddersalen

Kari har dei siste åra stort sett halde konsertar med heile bandet sitt. Men innimellom held ho nokre få, eksklusive konsertar i duoformat med Bengt Hanssen på tangentar. Han er òg produsent for Karis utgjevingar.

"I duoen ønskjer vi å ivareta mykje av det dynamiske spennet i musikken, sjølv om vi berre er to på scena," seier Kari. Ved hjelp av eit ganske omfattande keyboardoppsett gjev vi publikum ei større lydverda enn i eit klassisk duoformat. Det trur vi både songane og konsertane har godt av.

I tillegg til Kari og Bengt er lydmann Geir Østensjø ein sentral medmusikant i besetninga.

På desse konsertane vil publikum få høyre eit breitt utval av songar frå heile katalogen hennar.

Ingebjørg Bratland

25.07.25 19:00 - 20:30, Riddersalen

Ingebjørg har mest av alt blitt kjent for å tolka eigne og andre sine songar på sin eigen unike måte. Låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg», «Ljos», «Stjernene» (med Lars Vaular), «Vintersong», «Bror», «Di Ingebjørg» har gjeve ho ein plass i den norske folkesjela.

Thomas Dybdahl (duo med Vegard Lien Bjerkan)

26.07.25 19.00 - 20:30, Riddersalen

Thomas Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelige album befesta si posisjon som ein av Noregs store artistar og låtskrivarar.
Vi ser han på «Hver gang vi møtes» , i sommar kan du høyre han live på Baroniet Rosendal.

Vamp

01.08.25 19:00 - 02.08.25 20:30, Riddersalen

Vamp har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har truffe den norske folkesjela.
I august 2025 kjem dei tilbake til Baroniet Rosendal for nye store musikalske opplevingar i Riddersalen.

Much Ado About Nothing

29.08.25 19:00 - 21:00, Borggården, Baroniet Rosendal

MYKJE STÅK FOR INGENTING – Shakespeares tittel er like vittig og djupsindig som sjølve stykket han skildrar. Kven oppfører seg ikkje som ein narr når dei er forelska, og samtidig lir den største smerta? Denne gnistrande komedien verkar lett som ei fjør heilt til ho brått stuper ned og avdekkjer kjærleikens mørkare sider: svik, sjalusi og sjølve døden overveldar lettelege ordspel, og tragedien trugar. Då skiftar Shakespeare gir og slepp inn klovnane: ein herleg gjeng med udugelege politifolk reddar dagen. Slik sig kjærleiken til slutt med hjelp av bedrag.

Framsyninga vert presentert av TNT Theatre Britain og ADG Europe, som har blitt omtala som “den beste turnerande teatergruppa i verda” (China National TV, 2009).